Enetak i Nittedal søker 10 salgskonsulenter innen fornybar energi, heltid og fast, med ren provisjonslønn uten fastlønn.
Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg
Stabseining Samfunnsutvikling, Bygland Kommune · Bygland, Agder
AI-sammendrag
Om stillingen
Bygland kommune søkjer ein leiar til eit nyoppretta interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Stillingen er fast, heltid og lokalisert i Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen (Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes). Kontoret skal ha inntil tre stillingar, og leiaren får overordna ansvar for fagleg og administrativ leiing, oppbygging av rutinar og fagmiljø, saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, samt samarbeid med deltakarkommunane og Statsforvaltaren. Noko reiseverksemd må påreknast, og tenestebil blir stilt til disposisjon.
Om arbeidsgivaren
Bygland kommune er vertskommune for det nye samarbeidet, organisert etter kommunelova kapittel 20. Stabseininga samfunnsutvikling har 22 tilsette og driv generell offentleg administrasjon. Dette er ein liten, offentleg forvaltningseining i Setesdal, og stillinga representerer ein sentral funksjon i eit veksande interkommunalt fagmiljø med mogleg utviding til fleire kommunar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 15. juni 2026.
Annonsetekst
Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.
Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet. Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.
Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:
- Fagleg og administrativ leiing av kontoret.
- Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.
- Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.
- Samarbeid med deltakarkommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.
Arbeidsoppgaver
- Leiing og personalansvar for medarbeidarane ved kontoret.
- Fagleg ansvar for tilsyn etter forureiningsforskrifta.
- Saksbehandling etter forureiningslova og forureiningsforskrifta, inkludert pålegg, vedtak og oppfølging.
- Utarbeiding og oppfølging av tilsynsplanar, årlege prioriteringar og rapportering.
- Bidrag til at kommunane når målet om full regelverksetterleving innan 2033 i tråd med krav i vassforskrifta/EUs vassdirektiv.
- Dialog og rettleiing overfor anleggseigarar, konsulentar og entreprenørar.
- Samhandling med vassområdekoordinator og bidrag til heilskapleg vassforvaltning i regionen.
- Budsjettoppfølging og forvaltning av sjølvkostfinansiert gebyrordning.
Kvalifikasjoner
- Relevant høgare utdanning (minimum bachelor), til dømes innan miljøteknikk, VA, naturforvaltning, bygg/tekniske fag eller tilsvarande.
- God kjennskap til eller erfaring med forureiningslova og forureiningsforskrifta.
- Erfaring frå offentleg forvaltning, tilsyn, saksbehandling eller myndigheitsutøving.
- Leiarerfaring eller dokumentert evne til å leie faglege prosessar og team.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (nynorsk) Relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for formell utdanning.
Personlige egenskaper
- Er sjølvstendig, strukturert og trygg i rolla som myndigheitsutøvar.
- Har god rolleforståing og høg grad av integritet.
- Evnar å kombinere fagleg tyngd med god dialog og rettleiing.
- Er samarbeidsorientert og trivst i eit interkommunalt fagmiljø.
- Har gjennomføringsevne og trivst med å byggje opp nye strukturar.
Vi tilbyr
- Ei fagleg spennande og samfunnsviktig leiarstilling.
- Moglegheit til å byggje opp og forme eit nytt interkommunalt fagmiljø.
- Stabil arbeidsgjevar og ryddige offentlege rammevilkår.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
- Fleksibel arbeidstid.
- Tenestebil til bruk i feltarbeid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675
Arbeidssted
Sentrum 18 4745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland Kommune Referansenr.: 5113476646 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 15.06.2026
Lignende stillinger
TotalBistand AS i Sarpsborg søker en samarbeidspartner til renholdsvirksomheten i Østfold, oppgitt som fast heltid, men med usikkert omfang.
Nikita Hair i Tromsø søker 4 frisører i faste heltidsstillinger ved sin salong på Jekta.
Økodamp Renhold søker en selvstendig renholder/teamleder i fast deltidsstilling i Akershus, med flyttevask og andre renholdsoppdrag.
Legios AS søker 10 selgere med erfaring fra bilbransjen til faste heltidsstillinger i Oslo.
LA Takpleie søker 1 selger på heltid, fast ansettelse, med provisjonsbasert lønn og salg av tak- og fasadevask i Agder.