Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!
Bup Haugesund, Helse Fonna HF · Haugesund, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
BUP Haugesund søker lege i fast stilling på heltid til utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom, samt deltakelse i vaktordning og fagleg rettleiing/undervisning. Stillinga er ei spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri, og heile spesialistløpet kan gjennomførast ved avdelinga. Krav er norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS1 ved oppstart. Arbeidsstad er Haugesund.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Haugesund BUP Poliklinikk, ei underenhet av Helse Fonna HF som gir psykiatriske sjukehustenester til barn og ungdom. Enheta har 76 ansatte og inngår i eit fagmiljø med overlegar, LIS-legar, psykologar, pedagogar og sjukepleiarar. Avdelinga har akuttfunksjon og døgnvakt, med to poliklinikkar som dekkjer ti kommunar og ein døgnpost for heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 4. september 2026.
Annonsetekst
Har du vurdert å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri?🌻
Dersom ikkje, bør du høyre kva Malin fortel om jobben som lege på BUP Haugesund:
"Eg elskar jobben min! Det er fantastisk å jobbe med barn og ungdommar. Her er det rom for å leike, herje, tulle og tøyse, og samstundes vere profesjonell. Det skaper gode relasjonar, som er grunnlaget for å kunne gjere ein god jobb. Ein blir godt kjend med pasientane og familiane deira, og kjenner at ein gjer ein forskjell. Vi har eit arbeidsmiljø i særklasse som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag, og eg har overskot til familielivet når eg kjem heim. Eg hamna i BUP litt tilfeldig, men her har eg blitt verande, nettopp fordi det er verdas beste arbeidsplass!"
Vi gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. Døgnposten er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Les meir om oss her: Korleis jobbar BUP Hos oss i BUP blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg som klinikar. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. For tida er vi åtte overlegar og sju LIS. Du blir ellers del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. BUP Haugesund er godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Vi har samarbeidsavtalar med både vaksenpsykiatri og pediatri, noko som gjer det mogleg å ta heile spesialiseringsløpet her i Haugesund. Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom.
- Delta i vaktordning for legar.
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
- Kontakt med føresette og andre aktuelle instansar rundt barn/ungdom.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Må ha dokumentert norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 ved oppstart av stillinga.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendige for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- likar å jobbe med barn, ungdom og føresette
- er nysgjerrig på menneske, relasjonar og psykisk helse
- har pågangsmot, evne til samarbeid og formidling av kunnskap
- arbeider strukturert og spør om råd eller støtte når du treng det
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss blir du sett, støtta og gitt rom til å utvikle deg. Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med overleger, LIS-legar, pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Her får du tett oppfølging og brei erfaring frå eit fagfelt som kombinerer medisin, psykologi og familiearbeid.
Andre gode grunnar til å velje oss:
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
- Regelmessig internundervisning og rettleiing ved barne- og ungdomspsykiater.
- Heile spesialiteten kan tas ved Haugesund sjukehus.
- Kompetanseheving og spesialiseringsløp.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Sosiale aktivitetar som felleslunsj og trim på huset.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, +47 52732850 Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, +47 41889114, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Vinjes gate 10 5522 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5167287852 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 29.11.2026
API og MCPGET /company/999219543/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/999219543/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "5fd6bc76-bdab-44c1-84c6-60140d202342",
"title": "Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!",
"municipal": "HAUGESUND",
"application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "999219543" })Spør AI-assistenten
Ansetter Helse Fonna HF Haugesund Bup Poliklinikk flere i Haugesund nå?
Hvilke andre stillinger lyser Helse Fonna HF Haugesund Bup Poliklinikk ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Ferdig med LIS1? Spesialiser deg hos oss!» hos Helse Fonna HF Haugesund Bup Poliklinikk?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 1 sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus.
Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 6 sykepleiere til deltidsvikariat ved sykehjem i Vestland.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker helsefagarbeider i heltidsvikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal.