Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat med nattvakter i helse- og omsorgstjeneste i Møre og Romsdal.
Sjukepleiar i 100% fast stilling ved Lindås legekontor
Alver Kommune · Alver, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Lindås legekontor søkjer ein autorisert sjukepleiar i 100 % fast stilling med oppstart 01.09.2026, eller etter avtale. Arbeidsoppgåvene er varierte og inkluderer arbeid på skiftestove, telefon, resepsjon og pasientmottak, laboratoriearbeid, samt delegerte oppgåver frå lege som avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og pasientoppfølging. Det er òg aktuelt å bidra i kvalitets- og utviklingsarbeid. Stillinga krev autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar og digital kompetanse. Erfaring frå legekontor, legevakt eller akuttmedisin er ein fordel. Arbeidsstad er Lindås senter i Alver kommune.
Om arbeidsgivaren
Lindås legekontor er ein undereining av offentleg forvaltning i bransjen allmennlegetenester, og er del av Alver kommune. Kontoret har 12 tilsette, tre fastlegeheimlar og ein LIS1-lege, og nyttar Infodoc journalsystem. Det er eit lite fagleg arbeidsmiljø med vekt på god kommunikasjon og samarbeid mellom sjukepleiarar, legar og helsesekretærar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 09.08.2026.
Annonsetekst
Om stillinga
Lindås legekontor søkjer ein autorisert sjukepleiar til 100 % fast stilling frå 01.09.2026, eller etter avtale.
Vi søkjer deg som er fagleg trygg, arbeider sjølvstendig og trivst i tett samarbeid med andre i ein variert, spanande og til tider travel arbeidskvardag. Stillinga passar for deg som ønskjer å bruke brei sjukepleiefagleg kompetanse i møte med pasientar, og som vil bidra til kvalitet, struktur og god samhandling i det daglege arbeidet.
Om oss
Ved Lindås legekontor er det tre fastlegeheimlar og ein LIS1-lege. Kontoret nyttar Infodoc journalsystem og held til i trivelege og funksjonelle lokale på Lindås senter. Det er gode parkeringsmoglegheiter i kort gåavstand frå bygget.
Som sjukepleiar hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver ved legekontoret, i tett samarbeid med legar og helsesekretærar. Du vert ein del av eit lite og fagleg dyktig arbeidsmiljø, der god kommunikasjon, tydelege roller og godt samarbeid er viktig i den daglege drifta.
Arbeidsdagane ved legekontoret er varierte og til tider travle. Vi søkjer difor ein medarbeidar som er trygg i fagrolla, arbeider strukturert og bidreg positivt i samhandling med andre.
Ei av helsesekretærane har rolla som driftskoordinator og har ansvar for den daglege drifta ved kontoret.
Arbeidsoppgåver
- arbeid på skiftestove
- telefon, resepsjon og pasientmottak
- laboratoriearbeid
- delegerte oppgåver frå lege, til dømes avanserte sårskift, infusjonar, kateterskift og oppfølging av pasientar
- økonomirutinar og driftsoppgåver etter avtale med driftskoordinator
- bidra i kvalitetsarbeid, forbetringsarbeid og utviklingsarbeid ved kontoret
Kvalifikasjonskrav
- autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
Ønskjeleg kompetanse:
- Relevant arbeidserfaring frå legekontor eller legevakt
- Erfaring frå laboratoriearbeid
- Erfaring frå akuttmedisinsk arbeid
- Gjennomført akutt kurs
Kven er du?
Vi søkjer ein sjukepleiar som er trygg i fagrolla si og utfører arbeidsoppgåvene i tråd med kunnskapsbasert praksis. Du har gode samarbeidsevner og trivst i ein travel kvardag der du møter mange ulike mennesker.
Du møter pasientane på ein profesjonell, roleg og serviceinnstilt måte, og skaper tryggleik gjennom god kommunikasjon og gode relasjonar.
Vi ser etter deg som tek initiativ og ønskjer å bidra aktivt i forbetrings- og utviklingsarbeid ved legekontoret. Du arbeider strukturert og målretta, både sjølvstendig og i tett samarbeid med legar og kollegaer.
Fleksibilitet er viktig i denne stillinga. Du handterer endringar godt, står støtt i ein variert arbeidskvardag og stiller opp der behovet er størst. Vi ønskjer ein robust medarbeidar med godt humør, løysingsorientert innstilling og evne til å vere ein positiv bidragsytar i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Me tilbyr
- løn etter gjeldande hovudtariffavtale
- for sjukepleiarar i Alver kommune: kr 10 000 over minstelønsgarantien i hovudtariffavtalen
- god pensjonsordning
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- høve til å bruke og vidareutvikle brei sjukepleiefagleg kompetanse
- moglegheit til å bidra i kvalitetsarbeid og vidareutvikling av legekontoret
- eit arbeidsmiljø der faglegheit, samarbeid og god pasientoppfølging står sentralt
- gratis parkering
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker helsefagarbeider i vikariat på heltid til hjemmetjeneste i Vestland, fra 2. desember 2026.
Sparebanken Norge søker en strategisk rådgiver på heltid, fast ansettelse, med arbeidssted Bergen eller Kristiansand.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.
Emploi Helse AS søker 1 helsefagarbeider til vikariat på heltid ved et omsorgssenter på Vestlandet, des. 2026–feb. 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.