Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk,
Sengepostar Førde, Helse Førde · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Psykiatrisk klinikk i Førde søker 40 sommarvikarar til heltidsstillingar (100 %) ved sengepostane. Vikariatet gjeld åtte veker i perioden 15.06.2027 – 09.08.2027. Arbeidsstaden er Førde i Sunnfjord kommune.
Vikarane kan arbeide ved ein av fire sengepostar: Akutt døgn (15 plassar, lukka akuttpsykiatrisk post), PSK Sikkerheit (3 plassar, lukka post for personar med alvorleg sinnsliding og valdsproblematikk), DPS døgn allmenn (14 plassar, open post) og DPS døgn psykose (9 plassar, open spesialisert post). Arbeidet er pasientretta, med turnus og arbeid annakvar helg.
Søkjarar bør vere sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller ha 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning, men studentar og andre som vurderer seg som eigna kan også søkje. Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg er eit krav. Førarkort klasse B er å føretrekke. Tilbodet omfattar opplæring, kurs for nytilsette, løn etter gjeldande overeinskomst og pensjons- og forsikringsordningar.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde er eit sjukehus innanfor somatiske sjukehustenester, registrert som undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, med forretningsadresse i Sunnfjord. Med 1739 tilsette er dette ei stor offentleg verksemd og ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Psykiatrisk klinikk tek hovudsakleg imot pasientar frå det tidlegare Sogn og Fjordane. Opplysningar om omsetning og resultat er ikkje oppgitt.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 17.01.2027. Søkjarar må opplyse kva veker dei kan arbeide dersom dei ikkje kan vere med heile perioden, kva sengepost dei ønskjer, og leggje ved dokumentasjon på utdanning og praksis. Bruk av Vitnemålsportalen for verifiserte vitnemål er oppmoda.
Om stillingen
Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027
Sengepostane våre:
- Akutt døgn
- PSK Sikkerheit
- DPS døgn allmenn
- DPS døgn psykose
Tilsetjingsperioden er åtte veker.
Opplys i søknaden:
- Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile perioden
- Kva sengepost du ønskjer å arbeide ved
- Dokumentasjon på utdanning og praksis
Akutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.
PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.
DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar. Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø.
DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta arbeid
- Turnusarbeid
- Arbeid annakvar helg
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar eller 3-årig helse/sosialfagleg utdanning
- Helsesportspedagog
- Studentar og andre som vurderar seg sjølv som eigna kan også søkje
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring
- Interesse for faget
- Førarkort kl. B er å føretrekke
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig, tek ansvar og har gode samarbeidsevner
- Du kommuniserer godt og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omtanke
Vi tilbyr
- Opplæring i eit fagleg spennande miljø
- Opplæringskurs for nytilsette
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar PSK Sikkerheit, 975 22 519 Roger Lundekvam, Seksjonsleiar akutt, 952 09 377 Ingunn Indrebø, Seksjonsleiar DPS allmenn, 478 90 705 Stephanie Levy, Seksjonsleiar DPS psykose, 993 78 985
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2 6812 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201299591 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027
Flere stillinger hos Sengepostar Førde, Helse Førde
Helse Førde søker én psykologspesialist til fast heltidsstilling i vaksenhabilitering i Førde, Sunnfjord.
Helse Førde, Nordfjord sjukehus, søker sykepleier som ferievikar på medisinsk poliklinikk sommeren 2027, heltid.
Førde sentralsjukehus (Helse Førde) søker 1 medisinstudent med lisens til sommarvikariat i oftalmologi, heltid, juni–august 2027.
API og MCPGET /company/974744570/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974744570/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 11,
"hits": [
{
"uuid": "5226ce55-d828-46eb-b7de-ab72cb0e84c3",
"title": "Sommarvikarar til sengepostar",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2027-01-17 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "dcbc489c-2229-4fa2-870d-e0099b4e7cda",
"title": "Helsesekretær/sekretær",
"municipal": "SUNNFJORD",
"application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974744570" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Sommarvikarar Psykiatrisk klinikk, » hos Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus?
Ansetter Helse Førde HF Førde Sentralsjukehus flere i Sunnfjord nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Konstali Helsenor søker helsefagarbeider i 100 % vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, **9. nov 2026** til **3. jan 2027**.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 helsefagarbeidere i Lofoten, heltid vikariat med oppstart 20. november.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 sykepleiere til heltidsvikariat i Lofoten.
Hålogaland Helse og Omsorg søker inntil 6 miljøterapeuter/miljøarbeidere på heltid, fast, i medleverturnus i Troms og Nordland.