Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga

Universitetet I Bergen · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligIT
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Universitetet I Bergen.

AI-sammendrag

Om stillingen

Universitetet i Bergen søker produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga. Stillinga er fast og på heltid, med 1 ledig stilling i Bergen. Rolla inneber å leie eit tverrfagleg team frå IT-avdelinga og Kommunikasjonsavdelinga med ansvar for forvaltning, drift og vidareutvikling av UiB sine webtenester, mellom anna den Drupal-baserte plattforma i Kubernetes-miljø. Sentrale oppgåver er å prioritere tiltak og ressursbruk, følgje opp drift og leveransar, sikre forankring i organisasjonen og samarbeide med systemeigarar og fagmiljø. Stillinga har ikkje personalansvar, men er sentral for UiB sine digitale kommunikasjonskanalar.

Om arbeidsgjevaren

Universitetet i Bergen Administrasjonen er ei underending til næringsdrivande og offentleg forvaltning, innan bransjen undervisning ved universitet, med 704 tilsette. Dette er ein stor og veletablert offentleg institusjon der webtenestene spelar ei sentral rolle i student- og forskarrekruttering og formidling av forsking.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 4. oktober 2026.

Annonsetekst

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjonsavdelinga

UiB sine nettsider spelar ei sentral rolle i student- og forskarrekruttering, formidling av forsking og synleggjering av UiB sitt samfunnsbidrag. Universitetet har dei siste åra løfta kvaliteten på webtenestene sine. No treng vi ein seniorrådgivar som kan bidra til trygg drift, god forvaltning og målretta vidareutvikling av tenestene.

UiB organiserer digitale tenester i produktlinjer på tvers av avdelingsstrukturen, og webproduktlinja ligg under produktområdet administrasjon og formidling. Stillinga er organisatorisk plassert i Kommunikasjonsavdelinga, men skal arbeide tett saman med mellom anna IT-avdelinga og leie dette tverrfaglege produktlinjearbeidet. Stillinga har ikkje personalansvar.

Arbeidsoppgåver:

Produktlinjeleiar skal koordinere eit tverrfagleg team frå IT-avdelinga og Kommunikasjonsavdelinga. Teamet har ansvar for forvaltning, drift og vidareutvikling av UiB sine webtenester, og arbeider med både teknologi, innhald, brukaroppleving og digital kommunikasjon. Ei sentral oppgåve er vidareutvikling av UiB si Drupal-baserte plattform som blir driven i eit Kubernetes-basert containermiljø.

Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:

  • Leie produktlinjearbeidet for web
  • Prioritere tiltak, utviklingsløp og ressursbruk innan webområdet
  • Sikre god forankring av prioriteringar i organisasjonen
  • Følgje opp drift, leveransar, risiko og avhengigheiter
  • Sjå alle webtenester på UiB i heilskap og følge opp mål, resultat og gevinstrealisering i bruk av dei ulike publiseringsløysingane
  • Samarbeide med systemeigarar, utviklingsmiljø, innhaldsmiljø og andre relevante fagmiljø
  • Bidra til at webtenestene støttar brukarane sine behov, UiB sine kommunikasjonsmål og tekniske krav til stabilitet, tryggleik og vidareutvikling
  • Saksførebuing til produktstyret og oppfølging av prioriteringer og avgjerder som blir tatt der

Innan det første året skal produktlinja ha stabil drift, føreseielege leveransar og godt forankra prioriteringar på tvers av dei involverte fagmiljøa.

Kvalifikasjonar:

Søkjarane må ha:

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå, helst innan kommunikasjon, teknologi, organisasjon eller andre relevante fagområde. Lang praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant erfaring frå digital tenesteutvikling, webforvaltning, produktleiing, prosjektleiing eller tilsvarande arbeid
  • Teknisk forståing for moderne webplattformer
  • God forståing for både kommunikasjonsfaglege og teknologiske problemstillingar

Det er ein fordel med:

  • Erfaring frå arbeid med større nettstader eller digitale tenester
  • Kjennskap til tverrfagleg produktarbeid eller tenesteforvaltning
  • Forståing for brukarorientering, universell utforming, innhaldsforvaltning og analyse
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren eller anna offentleg forvalting
  • Forståing for samanhengen mellom systemlandskap, dataflyt, integrasjonar og brukaroppleving
  • Teknisk innsikt i plattforma vi byggjer på (Drupal/PHP) og moderne driftsmodellar (container-/Kubernetes-basert drift, CI/CD)

Vi søkjer ein person som:

  • Har god rolleforståing og kan skape framdrift
  • Er trygg i møte med ulike fagmiljø
  • Kan gjere tydelege prioriteringar og grunngje dei
  • Arbeider strukturert, sjølvstendig og heilskapleg
  • Har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt
  • Omset brukarbehov og faglege behov til praktiske prioriteringar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi kan tilby:

  • Ei sentral rolle i vidareutviklinga av UiB sine digitale kommunikasjonskanalar
  • Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø i Kommunikasjonsavdelinga og IT-avdelinga
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i årsløn kr. 830 000 - 860 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Seksjonssjef Jørgen Thune Johnsen, E-post: jorgen.johnsen@uib.no, tlf.: 976 47 829.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Flere stillinger hos Universitetet I Bergen

API og MCPGET /company/974799154/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974799154/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 13,
  "hits": [
    {
      "uuid": "238b2328-7872-42cc-84db-baf648d910bc",
      "title": "Førstelektor (20%) i pedagogikk og musikkdidaktikk (vikariat)",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-17 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "849689bc-130a-4196-a0fc-a259209ce61b",
      "title": "PhD-position at the Department of Biomedicine",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-12-10 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974799154" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Universitetet I Bergen Administrasjonen ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Produktlinjeleiar/seniorrådgjevar for web ved Kommunikasjon…» hos Universitetet I Bergen Administrasjonen?
  • Ansetter Universitetet I Bergen Administrasjonen flere i Bergen nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Lead Game Programmer
Triband ApS

Triband ApS i København søker en Lead Game Programmer til fast heltidsstilling i et studio med over 60 ansatte.

FastHeltidIT
Frist 28.12.2026
We are seeking a Control System Engineer!
Folk AS · BERGEN, VESTLAND

Folk AS i Bergen søker 2 kontrollsystemingeniører til engasjement på heltid innen subsea, frem til 30.06.2027.

EngasjementHeltid2 stillingerIT
Løsningsrådgiver Klient og LCM
Atea · BERGEN, VESTLAND

Atea i Bergen søker løsningsrådgiver innen klient og LCM, 1 fast stilling på heltid.

FastHeltidIT
Frist 13.12.2026