Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Barne- og ungdomsarbeidar
Sunde Barnehage, Sula Kommune · Sula, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Sunde barnehage søker ein barne- og ungdomsarbeidar til ei fast, 100% stilling, med oppstart 1. september 2026 eller etter avtale. Arbeidsstaden er i Solevågen i Sula kommune. Barnehagen har 2 avdelingar (1-3 år og 3-6 år) og ein friluftsprofil med turar i nærområdet. Arbeidsoppgåvene omfattar fagleg medansvar for pedagogisk arbeid i samarbeid med pedagogisk leiar, planlegging og gjennomføring av aktivitetar, observasjon og dokumentasjon, samt tilsyn og omsorg for barna. Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er eit krav, i tillegg til gode norskkunnskapar (nynorsk er tenestemål) og politiattest av nyare dato.
Om arbeidsgjevaren
Sunde barnehage er ei kommunal verksemd i Sula kommune, registrert som underenhet innan førskoleundervisning og drift av barnehagar. Barnehagen har 23 tilsette, noko som tilseier ei mellomstor drifteining innanfor kommunal barnehagesektor.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 23. august 2026.
Om stillingen
Vil du vere vår ny kollega?
Sunde barnehage søker ein engasjerte barne-og ungdomsarbeidar i 100% fast stilling, med oppstart 1. september 2026 eller etter avtale for den rette personen.
Vi er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år. Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Vi har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra.
Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.
Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning.
Arbeidsoppgåver
- ha fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar
- ha medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse
- ha ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen
- ha delansvar for å observerer, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette
- ha ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna
- ha medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål
- sette seg inn i og bruke datasystema og digitale verktøy som barnehagen nyttar
- sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig
- ha ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller anna
Kvalifikasjonar
- godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- god norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Nynorsk er tenestemålet i barnehagen
- kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet
- politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som
- er positiv og fleksibel
- er initiativrik og utviklingsorientert
- liker å gå på tur, vere ute i all slags vêr og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne
- viser engasjement og vilje til å handtere alle sider ved arbeidet på avdelinga
- viser høg arbeidsmoral og har stor tilstedeværelse på jobb
- kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling, alt etter barnehagen sin behov
- tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team
Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt.
Vi tilbyr
- arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling
- godt arbeidsmiljø med høg trivsel
- løn etter hovedtariffavtalen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer
- god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, anita.beth.quon.eikrem@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Rystene 30 6037 Eidsnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5162097610 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026
Lignende stillinger
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.