Helse Fonna HF søker psykiater i fast heltidsstilling ved psykiatrisk klinikk i Haugesund, med frist 30. juni 2026.
Sjukepleiar
Urologisk Poliklinikk, Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Fonna HF søkjer sjukepleiar til eit eittårig vikariat ved urologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus. Stillinga er på heltid (100%), med oppstart 05.10.2026 og sluttdato 26.09.2027. Arbeidsoppgåvene omfattar assistanse ved undersøkingar, sjølvstendige konsultasjonar og pasientoppfølging, rettleiing av pasientar og pårørande, samt forbetringsarbeid i avdelinga. Det blir lagt vekt på norsk autorisasjon som sjukepleiar, erfaring frå urologi/poliklinikk, digitale ferdigheiter (DIPS) og gode norskkunnskapar. Arbeidsstad er Haugesund kommune.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Urologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus, ein del av Helse Fonna HF, som opererer innan helse- og sosialsektoren.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 02.09.2026.
Om stillingen
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med tett pasientkontakt og moglegheit til å utvikle deg fagleg?
Ved urologisk poliklinikk i Haugesund søkjer vi ein engasjert sjukepleiar til eit eittårig vikariat. Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø som utgreier, behandlar og følgjer opp pasientar med eit breitt spekter av urologiske problemstillingar. Du vil samarbeide tett med urologar, LIS-legar og uroterapeutar, samtidig som du får sjølvstendige oppgåver og ansvar.
Kva går jobben ut på?
- Assistere ved undersøkingar saman med lege.
- Gjennomføre sjølvstendige konsultasjonar og oppfølging av pasientar.
- Gi råd, rettleiing og opplæring til pasientar og pårørande.
- Bidra til gode pasientopplevingar og effektiv drift av poliklinikken.
- Delta i forbedringsarbeid i avdelinga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Erfaring fra urologi og poliklinikk er ønskjeleg.
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med DIPS.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.
Personlege eigenskaper blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du
- har motivasjon og er interessert i fagfeltet
- tek ansvar og spør når du lurer på noko
- bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og kollegaer
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
- ein spennande og utfordrande arbeidsplass
- inkluderende kollegaer som ønskjer at du skal lykkast
- fagleg utvikling gjennom samarbeid, rettleiing og erfaringsdeling
- tett samarbeid mellom poliklinikk og sengepost som gir eit heilskapleg innblikk i pasientforløpa
- moglegheit til å følgje pasientar gjennom fleire fasar av utgreiing, behandling og oppfølging
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristine Gundegjerde Meling, Funksjonsleder urologisk avdeling, +47 91637361, krdd@ihelse.net
Arbeidsstad
Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5167554714 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 05.10.2026 Sluttdato: 26.09.2027 Søknadsfrist: 02.09.2026
Flere stillinger hos Urologisk Poliklinikk, Haugesund Sjukehus
Helse Fonna HF i Haugesund søkjer ergoterapeut i 60 % fast stilling ved nevrologisk avdeling/slageininga.
Helse Fonna søkjer sjukepleiar til fast 60%-stilling ved urologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus.
Helse Fonna søkjer fast sjukepleiar til Bemanningssenteret ved Haugesund Sjukehus, heiltid.
Helse Fonna søker barnepleiar/helsefagarbeidar til svangerskapsvikariat (75 %) ved føde/barsel i Haugesund.
Lignende stillinger
WorkNorway Group søker 2 intensivsykepleiere til vikariat i Troms, oppstart 31.08.
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.