Øystein Torsås As i Agder søker prosjektmedarbeider til partnersøk for TaraSec, fast deltidsstilling.
Rådgivar
Nav Sogndal // Helse Og Inkludering · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Nav Sogndal søker en rådgivar i 100 % fast stilling til team helse og inkludering, som arbeider på tvers av kommunane Luster, Årdal, Aurland, Lærdal, Vik og Sogndal. Arbeidsstad er Nav Sogndal. Hovudoppgåva er å følgje opp vaksne over 30 år med helseutfordringar, gjennom individuell rettleiing, kartlegging av ressursar og utfordringar, samhandling med behandlarar, arbeidsgivarar og tiltaksarrangørar, samt rettleiing i digitale Nav-tenester. Stillinga krev minimum bachelorutdanning, gode norskkunnskapar, digitale ferdigheiter og førarkort klasse B. Erfaring frå rettleiing, saksbehandling eller offentleg sektor er ein fordel. Løn er i stillingskode 1434 rådgivar, med spenn frå 639 000 til 661 000 kroner per år.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Nav Sogndal avd. Leikanger, ei underenhet innan sosialkontortenester i offentleg forvaltning, med forretningskommune Sogndal. Som ein del av Nav-systemet inngår kontoret i eit statleg tilsettingsforhold med pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 22.09.2026.
Om stillingen
Likar du å jobbe med menneske og ynskjer å bidra til at fleire kjem i arbeid og blir sjølvstendige? Då kan dette vere stillinga for deg! Om Nav region Sogn
Nav Sogndal har ledig 100 % fast stilling som rådgivar. Stillinga høyrer til team helse og inkludering. Teamet arbeider på tvers av heile region Sogn, og omfattar kommunane Luster, Årdal, Aurland, Lærdal, Vik og Sogndal. Arbeidsstad vil vere Nav Sogndal.
Kva går jobben ut på?
Du vil følgje opp personar som har behov for rettleiing og støtte for å meistre overgangen til arbeid eller kvalifisering, og arbeidet skjer i tett samarbeid med både interne og eksterne aktørar. Hovudoppgåva di vil vere å bidra til at fleire kjem i arbeid, utdanning eller annan form for aktivitet gjennom:
- rettleiing og individuell oppfølging av vaksne over 30 år med helseutfordringar som treng bistand for å kome i arbeid, kvalifisering eller aktivitet
- kartlegging av ressursar, utfordringar og moglegheiter knytte til arbeid og aktivitet
- samhandling med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar for å nå brukarane sine mål
- rettleiing i bruk av Nav sine digitale tenester
- gjennomføring av møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt god skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
- gode digitale ferdigheiter
- førerkort kl. B
Det er ein fordel om du har
- erfaring med rettleiing, saksbehandling eller liknande arbeid, gjerne frå offentleg sektor
- kjennskap til arbeidslivet og erfaring med samarbeid med eksterne aktørar
Kva ser vi etter hos deg?
- evne til å jobbe sjølvstendig, og du likar å jobbe i team
- god relasjonskompetanse og evne til å motivere, engasjere og skape moglegheiter for andre
- du er trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartar
Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 639.000 - 661.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- Nav kontoret ligg i Sogndal kommune som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Kontaktinformasjon
Torill Nesheim Tokvam, Avdelingsleiar, Nav Sogndal, 901 02 033, torill.nesheim@nav.no
Arbeidsstad
Sognefjordvegen 56 6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nav Referansenr.: 5176180091 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.09.2026
Lignende stillinger
Ramsalt Lab i Tromsø søker kommersiell rådgiver til anbud og salg, fast heltidsstilling med hjemmekontor.
Sør-Varanger Utvikling søker fast hubkoordinator til Øst-Finnmark Kunnskapssenter i Tana.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter til fast heltidsjobb i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til nytt kontor i Fuengirola, Spania.