Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift
Fjord1 - Maritim Drift · Bokn, Rogaland
Annonsetekst
Vi søker no etter ein maskinsjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du har ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vert ein nøkkelperson for å halde høg driftssikkerheit i sambandet. Om bord finn du eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og ein triveleg gjeng som skapar eit godt fellesskap.
Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt blir avtalt nærare.
Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M1
- Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
- Krise- og passasjerhandtering
- FSE
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig løn etter lokale protokollar, med gode tillegg og ordna arbeidsvilkår.
- Dagskift, 2 veker på og 2 veker av.
- Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1.
- Ein kan bu ombord i arbeidsperioden.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Arbeidssted
E39 5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5211293328 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Flere stillinger hos Fjord1 - Maritim Drift
Fjord1 Maritim Drift søker 1 skipsmotormekaniker til fast heltid i 2:2-turnus på ferjesambandet Arsvågen–Mortavika, Bokn.
Fjord1 søker 1 matros til fast heltidsstilling i 2:2-turnus på MF Lærdal i Kvinnherad, med frist 27. november 2026.
Fjord1 i Florø søker teknisk inspektør til ferjer med hybriddrift, fast heltidsstilling med søknadsfrist 27. november 2026.
Fjord1 søker dekkssjef i fast heltidsstilling på el-ferja MF Husavik i sambandet Husavik–Sandvikvåg, Fitjar.
API og MCPGET /company/974737647/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974737647/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 14,
"hits": [
{
"uuid": "56e809f5-925a-4bf8-b758-b70bb7ce39cb",
"title": "Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift ",
"municipal": "BOKN",
"application_due": "2026-12-01 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "9b9c8b23-097d-4ed8-a7c7-326a1723ad02",
"title": "1.maskinist i 2:2 turnus, dagskift ",
"municipal": "BOKN",
"application_due": "2026-12-02 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974737647" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Fjord1 AS ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Maskinsjef i 2:2 turnus, dagskift » hos Fjord1 AS?
Ansetter Fjord1 AS flere i Bokn nå?
Lignende stillinger
Oslo Snarveier AS i Akershus søker 3 flyttemedarbeidere til flyttebil på heltid, fast ansettelse.
Oslo Snarveier AS i Akershus søker 2 sjåfører til flyttebil og varebil, fast stilling på heltid, ledig umiddelbart.
Byrding i Vardø søker kokekyndig lettmatros til lasteskipet MS Polynya, fast heltid, lønn 660 000 kr i året.
Torghatten Nord søker maskinsjef på fergesambandet Stornes-Bjørnerå ved Harstad, fast heltidsstilling.
NP Transport Express AS i Akershus søker 3 lastebilsjåfører klasse C på heltid, fast ansettelse, til distribusjonskjøring.
Torghatten Nord i Tromsø søker 1 matros til Refsnes-Flesnes, fast heltidsstilling med skift 12/9.