Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Er du vår nye sjukepleiarkollega?

Hemato/endo/infeksjon Sengepost Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist om 1 dag

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Fonna HF søker sjukepleiar til hemato/endo/infeksjon sengepost ved Haugesund sjukehus, ei medisinsk sengepost med 16 plassar innan hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. Stillinga er fastheltid, og det er 2 ledige stillingar. Oppgåvene omfattar utgreiing, behandling og pleie av pasientar, medikamenthandtering, bruk av medisinsk-teknisk utstyr, oppfølging av pårørande, opplæring av studentar og nytilsette, samt tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunar. Krav til søkjar er autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med erfaring eller vidareutdanning innan kreftomsorg, infeksjon, diabetes, sårbehandling eller psykisk helsevern. Arbeidsstad er Haugesund.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Haugesund sjukehus, ei underavdeling av Helse Fonna HF innan somatiske sjukehustenester. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 2 198 tilsette totalt, noko som gjer arbeidsgjevaren til ein av dei største helseinstitusjonane i regionen med solid fagmiljø og ressursar til opplæring og vidareutvikling av tilsette.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 21. august 2026.

Om stillingen

Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, engasjerande og variert avdeling?

Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg. Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan både hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. I løpet av 2027 gler vi oss til å flytte inn i splitter nye lokale. Då skal endo/infeksjon slå seg saman med gastro/nefro, medan hematologisk blir ei eiga avdeling.

Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebetennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar.

Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga. Med to fagsjukepleiarar, tillitsvald, verneombod, fasilitatorar og kollegastøtte har vi eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid.

Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.

Kva går jobben ut på?

  • Utredning, behandling og pleie av pasientar.
  • Medikamenthåndtering.
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr.
  • Gi god omsorg og oppfølging av pårørande.
  • Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette.
  • Arbeid i tverrfaglege grupper.
  • Samarbeid med kommunar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Det er ønskeleg at du har erfaring og/eller vidareutdanning innan kreftomsorg, infeksjon, diabetes, sårbehandling eller psykisk helsevern.
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • trivst med varierte og samansette pasientforløp
  • bidreg til kunnskapsdeling og læring i avdelinga
  • kommuniserar godt med pasienter, pårørende og kollegaer
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert

Personlege eigenskaper vert vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

  • Som nytilsett får du et opplæringsprogram slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt.
  • Årsturnus med rom for involvering og god forutsigbarhet.
  • Fire kursdager i turnus og jevnlige simuleringstreninger kvart år.
  • Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA).

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Eilerås Bertelsen, Funksjonsleiar, +47 99360935

Arbeidsstad

Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5161007314 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 21.8.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Hemato/endo/infeksjon Sengepost Haugesund Sjukehus

Lignende stillinger

Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial