Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Helsefagarbeider
Herøy Kommune, Heimetenester · Herøy (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Heimetenesta i Herøy søkjer ein helsefagarbeidar i eit 80 % vikariat med oppstart 14. september 2026. Stillinga er i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåvene omfattar å yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke, inkludert personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering, bruk av velferdsteknologi, utarbeiding og oppfølging av tiltaksplanar samt dokumentasjon etter gjeldande lovverk. Stillingen er i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Om arbeidsgivaren
Herøy kommune Heimetenester er ei offentleg undereining med 137 tilsette, og opererer innanfor bransjen sykepleietenester og andre helsetenester i heimen. Som ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta tilbyr eininga eit fagleg miljø med vekt på kompetanseutvikling, inkludert stipendordning ved vidareutdanning og elektroniske kurs. Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som gir tilsette som bur i kommunen moglegheit for årlege slettingar av studielån med 25 000 kroner.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 13. august 2026. Vitnemål og attestar skal lastast opp saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Om stillingen
Heimetenesta i Herøy søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som vil vere med på å sikre gode tenester til innbyggerane. Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der fagleg kvalitet, gode relasjonar og samarbeid står i sentrum.
Du blir ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi støttar kvarandre og jobbar saman for å gi gode tenester. Det passa for deg som trivst med å arbeide sjølvstendig, møte menneske der dei bur, og ferdast rundt i det vakre landskapet i Herøy kommune. Heimetenesta i Herøy har no ledig eit 80 % vikariat som helsefagarbeidar, for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering)
- nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering
- utarbeide og følge opp tiltaksplanar
- dokumentasjon etter gjeldande lovverk
- arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell
- rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande
- bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp)
- erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel)
- gode datakunnskapar (erfaring med Gerica er ein fordel)
- kurs i legemiddelhandtering (kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting)
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
- førarkort klasse B
- Vi har nynorsk som administrasjonsmål.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
- tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
- kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
- er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
- kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
- møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
- vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
- bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
- har fokus på heilskaplege pasientforløp
- likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer
- fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad
- løn etter gjeldande tariffavtale
- pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
- fagdag i turnus
- elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
- stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5 6092 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5129617013 Stillingsprosent: 80% Vikar Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 20.08.2026
Lignende stillinger
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.