Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden Kommune Borgafjellet Barneskule · Bjørnafjorden, Vestland

VikariatHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Bjørnafjorden Kommune Borgafjellet Barneskule.

AI-sammendrag

Om stillingen

Borgafjellet barneskule søker en vikar i 100 % undervisningsstilling, med oppstart 01.01.27 og varighet til 31.07.27. Det er 1 stilling, og arbeidsstedet er Hjelle i Bjørnafjorden kommune. Hovedoppgavene er kontaktlæraroppgaver og undervisning på småtrinnet.

Skolen ønsker en relasjonsbygger og trygg klasseleder som bidrar til inkludering og godt læringsmiljø. Det kreves godkjent lærerutdanning fra høgskole eller universitet, og utenlandsk utdanning må være godkjent av HK-dir. God muntlig og skriftlig framstillingsevne er en forutsetning, og nynorsk er administrasjonsspråk. Kompetanse i begynneropplæring og digital undervisning vektlegges. Tilfredsstillende politiattest kreves. Nyutdannede lærere får mentorordning og faste nettverk. Ved intern tilsetting i deler av stillingen kan det bli ledig deltidsstilling som timelærer.

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver er Bjørnafjorden kommune, og stillingen gjelder Borgafjellet barneskule, som ligger ved inngangen til Hegglandsdalen. Skoleåret 2026/2027 har skolen 250 elever og om lag 40 ansatte. Kommunen satser på trygge og gode skolemiljøer, skoleutvikling og sterke rammer for lesing gjennom hele opplæringsløpet. Som offentlig arbeidsgiver tilbyr kommunen pensjonsordning i Statens pensjonskasse, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og lønn etter gjeldende avtaler. Opplysninger om omsetning og resultat er ikke oppgitt.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 15.11.2026. Aktuelle søkere kalles inn til intervju. Etter fristen utarbeides en offentlig søkerliste med navn, alder, stilling og bosteds- eller arbeidskommune, men søkere kan be om unntak fra offentliggjøring.

Annonsetekst

Vi har ledig 100 % vikariat i undervisningsstilling, frå 01.01.27 til 31.07.27.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2026/2027 har vi 250 elevar og om lag 40 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.

Arbeidsoppgåver Kontaktlæraroppgåver og undervisning på småtrinnet.

Kvalifikasjonar - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - har kompetanse i begynnaropplæring - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Ved intern tilsetting i delar av stillinga, kan det bli ledig deltidsstilling som timelærar.

Vi tilbyr - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Vi søker barnehagelærer
Søre Øyane Grendalag Naturbarnehage Sa · BJØRNAFJORDEN, VESTLAND

Søre Øyane Grendalag Naturbarnehage i Bjørnafjorden søker barnehagelærer i 70 % vikariat ut januar 2027.

VikariatDeltidUtdanning