Jobbspesialist
Nav Region Vest // Askøy Og Øygarden · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Nav Region Vest søker jobbspesialist til Arbeid med støtte, med arbeidsstad ved Nav Øygarden på Straume. Stillinga er eit vikariat/engasjement på inntil 1 år, 100 % stilling, med planlagt oppstart 1. desember 2026 og sluttdato 31. desember 2027. Ein person skal tilsetjast. Arbeidet skjer etter Supported Employment-metodikken, og oppgåvene omfattar kartlegging og oppfølging av arbeidssøkjarar (primært under 30 år) frå både Askøy og Øygarden, relasjonsbygging med arbeidsgivarar, samt dokumentasjon og rapportering. Meir enn 40 % av arbeidstida føregår ute i næringslivet. Stillinga er lønna etter stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå 640 000 til 670 000 kroner.
Om arbeidsgjevaren
Nav Region Vest omfattar kontora Nav Askøy og Nav Øygarden, med om lag 140 tilsette samla i regionen, der Nav Øygarden på Straume har om lag 90 tilsette. Jobbspesialisten blir del av eit Arbeid med støtte-team på fem jobbspesialistar og éin metoderettleiar, som del av den offentlege arbeids- og velferdsforvaltninga.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 4. oktober 2026.
Om stillingen
Vil du gjere ein forskjell for menneske som ønskjer å kome ut i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi søkjer jobbspesialist til Arbeid med støtte! I Nav region Vest er vi på jakt etter ein kollega som ønskjer ein spennande jobb med stor fridom i kvardagen, samstundes som du arbeider etter den anerkjende metoden Supported Employment.
Vi har ledig eit inntil 1 års engasjement med oppstart ca 1. desember 2026.
Nav region Vest består av dei to kontora Nav Askøy og Nav Øygarden. Vi er om lag 140 tilsette til saman i regionen. Du vil vere ein del av ei regional avdeling der marknad, tiltak og jobbspesialistar er plasserte. Du vil ha kontortilhøyrsle ved Nav Øygarden, og vil òg vere knytt til ei avdeling der. Nav Øygarden er lokalisert sentralt på Straume, og vi har om lag 90 tilsette. Vi har ein aktivitetsbasert arbeidsplass med stort fokus på eit godt arbeidsmiljø.
Du vil vere ein del av Arbeid med støtte-teamet vårt, som består av fem dyktige jobbspesialistar og éin metoderettleiar. Du vil følgje opp arbeidssøkjarar frå begge kontora. Primærmålgruppa er ungdom under 30 år, men vi vil og ha deltakere over 30 år. Du vil ha deltakarar i porteføljen din frå begge kontora. Vi forventar at du er til stades ved begge kontora. Den viktigaste arbeidsplassen finn du ofte ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegner av kandidatane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning.
Kva går jobben ut på?
- kartleggje deltakarane sine ressursar, interesser og mål, og utarbeide planar mot arbeid eller fag- og yrkesopplæring
- følgje opp og rettleie deltakarar gjennom heile prosessen mot arbeid eller utdanning, også på arbeidsplassen
- byggje, utvikle og vedlikehalde nettverk med arbeidsgivarar, og identifisere arbeids- og opplæringsmoglegheiter i arbeidsmarknaden
- drive oppsøkjande arbeid overfor arbeidsgivarar for å avdekkje kompetansebehov og inkluderingsmoglegheiter
- samarbeide med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar, behandlarar, Nav-rettleiarar og andre relevante samarbeidspartnarar
- motivere og støtte deltakarar og arbeidsgivarar for å skape varige løysingar for arbeid og deltaking
- ha ansvar for framdrift, dokumentasjon og rapportering i eigen portefølje
- arbeide etter Supported Employment-metodikken
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet.
- erfaring med rettleiing, arbeidsinkludering og nettverksbygging
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- gode digitale ferdigheiter
- erfaring frå Supported Employment-metodikken
- førarkort klasse B
Det ein fordel om du har
- kjennskap til den lokale og regionale arbeidsmarknaden
Kva ser vi etter hos deg?
- du trur på at alle menneske, uavhengig av utfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb
- du er god til å bygge relasjonar og kommunisere med ulike menneske
- du er resultatorientert og samstundes oppteken av kvalitet i oppfølginga
- du trivst med oppsøkande arbeid og samarbeid med arbeidsgivarar
- du er sjølvstendig, strukturert og tek ansvar for eiga portefølje
Kvifor velje oss?
- meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i tverrfaglege team
- eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
- stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 640 000 til kr 670 000. For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar, 40477119, Vibeke.Gjervik@nav.no
Arbeidssted
Grønamyrvegen 18 5353 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5173022010 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.12.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 04.10.2026
Lignende stillinger
Øystein Torsås As i Agder søker prosjektmedarbeider til partnersøk for TaraSec, fast deltidsstilling.
Ramsalt Lab i Tromsø søker kommersiell rådgiver til anbud og salg, fast heltidsstilling med hjemmekontor.
Sør-Varanger Utvikling søker fast hubkoordinator til Øst-Finnmark Kunnskapssenter i Tana.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter til fast heltidsjobb i Torrevieja, Spania.