Sveio kommune søker sjukepleiestudenter til stipendavtale (deltid) ved Sveio omsorgssenter – frist 1. september 2026.
Helsefagarbeidar i 100% fast stilling
Sveio Kommune · Sveio, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Sveio kommune søkjer helsefagarbeidar i 100% fast stilling ved Sveio omsorgssenter. Stillinga inneber tilrettelegging for god livskvalitet, helsehjelp og fagleg forsvarleg pleie, dokumentasjon i pasientjournalsystem, ansvar for legemiddelhandtering og rettleiing av elevar og lærlingar. Omsorgssenteret har tre avdelingar (Vestbakken, Utsikten og Sørbakken) med til saman 41 plassar, inkludert lindrande, korttid, rehabilitering, somatikk og demens. Krav er autorisasjon som helsefagarbeidar, gode norskkunnskapar og tilfredsstillande politiattest. Arbeidsstad er Sveio i Vestland, og det er 1 ledig stilling.
Om arbeidsgjevaren
Sveio kommune er ein offentleg arbeidsgjevar innan helse og sosial, og driv omsorgssenteret etter LEAN/KF-prinsipp med fokus på kontinuerleg forbetring av helse- og omsorgstenestene. Fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta er dei siste åra overført til kommunen, noko som gir eit fagleg breitt arbeidsmiljø. Kommunen tilbyr årsturnus, fagleg utvikling, etisk refleksjon i grupper og løn etter gjeldande lov- og avtaleverk med pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 24.08.2026.
Om stillingen
Om stillinga
Me søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter som helsefagarbeidar i 100% fast stilling. Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga. Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar. Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Tilrettelegge for god livskvalitet gjennom tilpassede aktiviteter, støtte til eigen meistring, omsorg og utvikling
- Gi nødvendig helsehjelp og yte fagleg forsvarleg pleie i tråd med gjeldande lovverk og interne rutinar
- Utføre dagleg og kvalitetsikra dokumentasjon i pasientjournalsystemet
- Ha ansvar eller medansvar for legemiddelhandtering
- Fremje pasientane si deltaking og bruk av eigne ressursar i ADL
- Samarbeider godt med kollegaer og andre samarbeidspartnarar på tvers av tenestene
- Bidra til trygt og respektfullt samarbeid med pårørande
- Rettleie og støtte elevar, lærlingar og kollegaer i faglege spørsmål
- Vere bevisst rolla di som helsefagarbeidar og bidra aktivt til utvikling av gode og heilskaplege tenester
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode norsk kunnskap, både skriftleg og muntleg
- Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
- Grunnleggande digitale ferdigheiter og erfaring med dokumentasjon i journalsystem
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel, løysningsorientert og handterer endringar på ein positiv måte
- Er iniativrik og tek ansvar når situasjonen krev det
- Har gode samarbeidsevner og arbeider sjølvstendig med trygg fagleg dømmekraft
- Har evne til å setje fag, kvalitet og god service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein trygg og læringsrik arbeidsplass for elevar, lærlingar og studentar - våre framtidige kollegaer
- Bidreg aktivt til å skapa eit inkluderande, støttande og godt arbeidsmiljø, og er ein trygg og god kollega i det daglege samarbeidet
Vi tilbyr
- Etisk refleksjon i grupper og rom for faglege diskusjonar
- Årsturnus med forutsigbar arbeidskvardag
- Dyktige og engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Faste sosiale arrangement og ein arbeidsplass med godt samhald
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø i utvikling som du får vere med å påverke og videreutvikle
- Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Flere stillinger hos Sveio Kommune
Sveio kommune søkjer støttekontakt på deltid (engasjement) til personar med psykisk utviklingshemming – ingen formelle krav.
Lignende stillinger
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.