Jobs By Nordics AB søker 25 hotellunderholdere til sesongjobb på heltid på greske øyer og Kypros i 2027.
Bibliotekmedarbeidar 7% - laurdagsstilling (vikariat)
Alver Kommune · Alver, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Alver bibliotek søker vikar til ei 7% laurdagsstilling, annakvar laurdag kl. 10.15–15.30. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug. Arbeidsoppgåvene omfattar skranketeneste og brukarservice, litteraturformidling, formidling av digitale tenester, hylderydding og tilrettelegging for arrangement. Det er ønskeleg med fleksibilitet til å ta ekstravakter ved ferieavvikling og sjukdom. Stillinga passar for studentar innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag, og krev vidaregåande utdanning og alder over 18 år.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Alver kommune sentraladministrasjon, ei underning av Alver kommune innan generell offentleg administrasjon, med 78 tilsette ved denne eininga. Som ein del av kommunal forvaltning tilbyr arbeidsgivaren ordna løns- og arbeidsvilkår i tråd med lov- og avtaleverk, samt pensjonsordning gjennom KLP.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 6. september 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Alver bibliotek har ledig eit vikariat i 7% laurdagsstilling. Arbeidstid er annakvar laurdag kl 10.15-15.30. Det er fint om ein har høve til å arbeide ekstra ved ferieavvikling og sjukdom. Arbeidsstad vil vere Knarvik, Manger eller Frekhaug.
Alver bibliotek er ein attraktiv møteplass for innbyggarane i Alver kommune. Vi har tre avdelingar og ein filial. Det er laurdagsope på Knarvik, Frekhaug og Manger. Det er alltid to tilsette på jobb i Knarvik, medan ein som oftast er åleine på jobb på Frekhaug og Manger.
Arbeidsoppgåver
- Skranke og anna service til brukarane av biblioteket
- Litteraturformidling
- Formidling av digitale tilbod og verktøy
- Hyllerydding og anna førefallande arbeid
- Legge til rette for arrangement
Kvalifikasjonar
- Videregåande utdanning, over 18 år
- Du er gjerne ein student innan formidling, litteratur, kultur eller mediefag
- Du har god digital kompetanse
- Du har gjerne erfaring frå bibliotek, formidlings- og/eller arrangementerfaring
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for litteratur, formidling og digitale verktøy
- Du ønskjer å lære og utvikle gode bibliotektenester
- Du er sjølvstendig, serviceinnstilt og strukturert
- Du er løysingsorientert og initiativrik
- Du er glad i å hjelpe publikumPersonleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei deltidsstilling der du får sjansen til å lære, arbeide sjølvstendig og yte god service til dei besøkande på biblioteket
- Hyggelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med lov - og avtaleverk
- Person- og pensjonsordning gjennom KLP
Lignende stillinger
Statsforvalteren i Trøndelag søker 1 assisterende fylkeslege i fast stilling (60 %) med arbeidssted Steinkjer eller Trondheim.