Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Lærar tilrettelagd opplæring

Stend Vgs · Bergen, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanningFrist om 4 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Stend vidaregåande skule søkjer lærar til fast 100%-stilling innan tilrettelagd opplæring i Bergen kommune. Undervisninga er hovudsakleg retta mot elevar på individuelle tiltak, med vekt på fellesfag, samt undervisning i HTH, HTA og praktiske grupper. Stillinga inneber òg å skrive IOP-ar og vurderingar, og å bidra aktivt i det pedagogiske arbeidet på avdelinga. Det blir søkt etter ein person med relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, pedagogisk utdanning og erfaring frå undervisning retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar. Personlege eigenskapar som er vektlagt er evne til å byggje relasjonar, tydeleg klasseleiing og å stå i vanskelege situasjonar over tid.

Om arbeidsgjevaren

Stend vidaregåande skule er ein skule under Vestland fylkeskommune, med om lag 550 elevar og 200 tilsette. Skulen ligg ved Fanafjorden i Bergen kommune og tilbyr programområde innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, samt påbygging til generell studiekompetanse. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening, i tillegg til individuell tilrettelagd opplæring.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16.08.2026.

Om stillingen

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak

Arbeidsoppgåver

Denne stillinga vil i all hovudsak ha undervisninga si knytt til elevar på individuelle tiltak med hovudvekt på undervisning i fellesfag. Undervisninga vil være i HTH, HTA og praktiske gruppar. Å skrive IOP-ar og vurderingar, og aktivt bidra inn i det pedagogiske arbeidet på avdelinga.

Kvalifikasjonar

Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i dei fag ein skal undervise i Pedagogisk utdanning Relevant erfaring frå undervisning retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar Ynskjer å bidra aktivt i profesjonsfelleskapet Personen må ha interesse og høg motivasjon for å drive undervisning for elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein utåtvend og samarbeidsvillig person som kan jobbe i team og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar. Vi ønskjer ein lærar som har kompetanse og erfaring frå undervisning med ungdom som har store og samansette lærevanskar. Ein er trygg, roleg og med tydeleg klasseleiing, samstundes som ein er god til å byggje relasjonar til elevane, og kan stå i vanskelege situasjonar over tid. Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø. Andre opplysningar: Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765

Arbeidsstad

Fanavegen 249 5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5160834599 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning