Signatur Revisjon AS i Agder søker en erfaren revisor til fast deltidsstilling med fleksibelt omfang.
Konsulent/kontormedarbeidar
Giske Kommune · Giske, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Giske kommune lyser ut 1 fast, heltids stilling (100 %) som konsulent/kontormedarbeidar. Stillinga er delt mellom eining for HR og løn og eining for Økonomi, og arbeidsstad er Valderøya i Giske kommune, Møre og Romsdal. Arbeidsoppgåvene spenner frå personaladministrasjon (arbeidsavtalar, ansiennitet, lønsoppfølging, turnussystem) til økonomiarbeid (fakturaflyt, innkjøp, e-handel) og vederlagsberekning på institusjonsplassar. Relevant kontorfagleg utdanning er ønskt, gjerne med kjennskap til Visma Enterprise og liknande fagsystem. Søknadsfrist er 28. juli 2026.
Om arbeidsgivaren
Giske kommune er ein offentleg forvaltningseining på Valderøya i Møre og Romsdal. Stillinga er knytt til dei sentrale støttefunksjonane i kommunen — HR, løn og økonomi — som har brei kontaktflate mot leiarar, tilsette og tillitsvalde i heile organisasjonen. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr Giske kommune tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, inkludert god pensjonsordning i KLP.
Om stillingen
Vi har ledig fast 100 % stilling som konsulent/kontormedarbeidar, delt mellom eining for HR og løn og eining for Økonomi.
Einingane har det overordna ansvar for økonomi, personal, løn, HR- og HMS- området, og har ei brei kontaktflate ut mot leiarar, tilsette og tillitsvalde. Som konsulent vil du delta i felles faglig utviklings- og forbetringsarbeid og ha eit tett samarbeid med kollegaer som arbeider med liknande oppgåver. Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.
Verdt å merke seg når du søker
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga ligg ein del faste arbeidsoppgåver, og ein må rekne med at nye oppgåver kjem til ut frå endring av behov og etterspørsel.
- Bistå einingsleiar og avdelingsleiarar med å følgje opp kontorfaglege rutinar og andre førefallande oppgåver
- Arbeid med personaladministrasjon. Herunder arbeidsavtalar, ansiennitetsberekning, tenestebevis, oppfølging av lønsarbeid, turnussystem og andre merkantile oppgåver knytt til dømes Visma Enterprise
- Vederlagsberekning og etteroppgjer på institusjonsplassar
- Økonomi, fakturaflyt, fakturamottak, innkjøpsarbeid og e-handel
- Samarbeide med tildelingskontoret
Kvalifikasjonar
- Relevant kontorfagleg utdanning og gjerne praksis frå liknande arbeid
- Fordel med kjennskap til helse- og omsorgstenester
- Fordel med kjennskap til lov- og avtaleverk
- God digital kompetanse og kunne beherske dei vanligaste IKT-verktøy godt (Visma Enterprise, Exel, Words, Kvalitetssystem, Visma Flyt ressursstyring eller tilsvarande)
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons og samarbeidseigenskapar
- Evne til å handtere hektiske dagar og ha mange ballar i lufta samtidig
- Må vere positiv og imøtekomande, utstrakt serviceinnstilling og vere på tilbodssida
- Nøyaktig og strukturert, samt evne til å halde god orden
- Fleksibel, positiv og påliteleg.
- Evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- Evne til å møte nye krav og endringar i oppgåver og struktur
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Vi tilbyr
- Eit godt fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår på vanlege kommunale vilkår
- God pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Alle søkarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Du kan søke om unntak. Det må ligge føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Kontaktinformasjon
Eli-Marie Sandvik, HR-sjef, +47 41235110
Arbeidsstad
Valderhaug 4 6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5147701345 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.07.2026
Lignende stillinger
Visitt AS i Arendal søker 3 provisjonsbaserte selgere/rådgivere til næringseiendom, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeserviceagenter til Hellas, fast heltidsstilling.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundekonsulenter på heltid, fast stilling i Torrevieja, Spania.
Jobs By Nordics søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter til fast heltidsjobb i Fuengirola.
Birkeland Takst & Prosjekt i Nordre Follo søker 2 selvstendige takstingeniører på heltid med oppdragsbasert frihet.