Fagansvarleg i Eining for Miljø- og velferdstenester
Stryn Kommune · Stryn, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Stryn kommune søker fagansvarleg i 100% fast stilling ved eining for miljø- og velferdstenester. Rollen samarbeider tett med einingsleiar, avdelingsleiarar og tilsette for å sikre fagleg utvikling. Eininga betener brukarar med utviklingshemming samt brukarar tilknytta psykiatri og rus. Fagansvarleg skal bidra til kontinuerleg forbetring av tenestene, sikre forsvarleg og lovpålagt kvalitet, samt planlegge, rettleie og undervise tilsette. Andre oppgåver inkluderer utarbeiding og evaluering av opplæringsplanar, fagleg leiarstøtte, kompetanseheving og prosjektarbeid. Arbeidsstad er Tonningsgata 4 i Stryn.
Krava omfattar høgskuleutdanning innan helse (vernepleiar eller sjukepleiar), gjerne med vidareutdanning innan pedagogikk, rettleiing eller habilitering/rehabilitering. Førarkort klasse B og gyldig politiattest er nødvendig.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Stryn kommune, ved underforetaket Stryn Kommune Miljøretta Helsevern, som er ein del av offentleg forvaltning innan forebyggande helsearbeid. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr dei god pensjonsordning og eit arbeidsmiljø med fokus på openheit, samarbeid og struktur.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 4. oktober 2026.
Om stillingen
Er du vernepleier eller sjukepleier og brenn for fagleg utvikling, og ønsker å være ein pådrivar for kvalitet i tenestene? Då er dette stillinga for deg.
Stryn kommune har ledig 100% fast stilling som fagansvarleg i eining for miljø- og velferdstenester. Som fagansvarleg samarbeider du tett med einingsleiar, avdelingsleiarar og tilsette for å sikre fagleg utvikling av avdelingane i Miljø og velferd. Miljø og velferd er ei eining som har brukarar med utviklingshemming i varierande grad og brukarar tilkytta psykiatri og rus.
Som fagansvarleg skal du bidra til kontinuerleg forbetring av direkte og indirekte tenester til brukarane og å sikre at tenestene som blir tilbydde er forsvarlege, av høg kvalitet og i tråd med gjeldande lovverk og retningslinjer. Gjennom planlegging, rettleiing og undervisning skal du medverke til å skape rammer slik at dei tilsette er i stand til å yte best moglege og berekraftige tenester.
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvar og utvikling:
- Initiere og fremme fagleg utvikling i forhald til lovverk, nasjonale retningslinjer, kommunale retningslinjer og beste praksis.
- Utarbeide, iverksette og evaluere opplæringsplanar for tilsette
- Fungere som fagleg leiarstøtte.
- Planlegge og bidra til kompetanseheving.
- Sikre at fagsystem og dokumentasjon bidrar til forsvarlege tenester for brukarane.
- Bidra til et godt fagmiljø gjennom kommunikasjon og samarbeid.
- Prosjektarbeid.
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning innan helse
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan pedagogikk eller rettleiing
- Ønskjeleg med vidareutdanning innan habilitering/rehabilitering
- God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
- Førekort kl. B, disponere bil
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
Du har et brennande engasjement og ønske om å jobbe med og for tenestegruppa vår, er fagleg sterk og liker å dele kunnskapen din. Vi er opptatt av et godt arbeidsmiljø og søker en lagspelar:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Engasjert, kreativ og løysingsorientert
- Motivert til å drive endringsarbeid og utvikle tenestene.
- Evne til å rettleie og undervise kollegaer og/eller andre samarbeidspartnarar
- Evne til å jobbe strukturert og selvstendig innenfor gitte rammer
- Fokus på brukarmedverknad og beslutningsstøtte
- Tydeleg, målretta og handlingsdyktig
Vi tilbyr
- Ei eining i positiv endring og utvikling
- Eit arbeidsmiljø med fokus på openheit, samarbeid og struktur
- Fagansvar og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling.
- God pensjonsordning.
Kontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
Arbeidsstad
Tonningsgata 4 6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune Referansenr.: 5177222617 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.10.2026
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker helsesekretær/sykepleier til fastlegekontor i Rogaland, engasjement på heltid.
Region Värmland søker sykepleier til fast heltidsstilling ved den psykiatriske mottagelsen i Arvika, med frist 9. oktober 2026.