Øygarden kommune søker fysioterapeut eller AKS-sjukepleiar til fast heiltidsstilling i nytt innsatsteam i heimetenesta.
Heimetenesta
Øygarden Kommune Heimetenesta · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Øygarden kommune Heimetenesta søker deg til flere ledige 15% faste helgestillingar i heimetenesta, med arbeidsstad i Øygarden. Stillinga er fast, deltid, og tilsetjing skjer fortløpande etter tenesta sitt behov. Arbeidsoppgåvene er knytt til heimesjukepleie og omsorgsoppgåver hos brukarar i deira eigen heim, organisert i tre geografiske avdelingar – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. Det blir søkt etter helsefagarbeidarar eller sjukepleiar-/vernepleiarstudentar, men relevant arbeidserfaring med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning. Førarkort for bil er eit krav, og gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg er naudsynt.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er hos ei underining av Øygarden kommune innan sykepleietjenester og andre helsetjenester i hjemmet. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 148 tilsette, noko som viser at det er ein stor og etablert kommunal helsetenesteorganisasjon med behov for jamn rekruttering til heimetenesta.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 31. oktober 2026.
Om stillingen
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar – Straume, Skogsvåg og Ågotnes. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske områder, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent medarbeidar som kan utføre omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver du vil møte.
Vi har fleire ledige 15% faste helgestillingar i heimetenesta. Vi ønsker deg som er helsefagarbeidar/ sjuke- vernepleiarstudent. Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning. Tilsetjing skjer fortløpande etter tenesta sitt behov.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeid på helg i heimesjukepleie.
- Omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
- Relevant arbeidserfaring frå arbeid med pleieoppgåver kan kompensere for manglande formell utdanning
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Andre krav:
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Kommunen har følgjande modell for sjukepleiar- vernepleiarstudentar:
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
- Du må dokumntere kor langt du er komen i studiet
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Ass. Einingsleiar Kate S. Løland, tlf 56 16 05 02 / 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Øygarden Kommune Heimetenesta
Øygarden kommune Heimetenesta søkjer sjukepleiar i 65 % fast nattestilling i Øygarden, med søknadsfrist 22. juli 2026.
Lignende stillinger
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.