Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

Akuttpsykiatri Snr, Helse Møre Og Romsdal HF · Molde, Møre Og Romsdal

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 10.12.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Akuttpsykiatri SNR har ledig 1 fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar, på deltid med 80 % stillingsprosent. Stillinga er p.t. på natt og inneber turnusarbeid. Oppstart er 01.03.2027. Arbeidsstaden er Molde kommune (Hjelset).

Hovudoppgåvene er å arbeide etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa, legemiddelhandtering, å halde seg oppdatert på seksjonens rutinar og prosedyrar, delta i kompetansehevingstiltak og obligatorisk kursing og trening i MAP. Du skal òg delta aktivt i utviklinga av seksjonen.

Det vert kravd norsk autorisasjon som sjukepleiar og gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Vidareutdanning innan psykiatri er ein fordel, og erfaring frå psykisk helsearbeid eller rus er ønskjeleg, men ikkje eit krav. Førarkort klasse B er ønskeleg. Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan vere aktuelle for vikariat. Arbeidet kan vere kjenslemessig krevjande, og ein må tole å jobbe tett på menneske med tøffe historier.

Om arbeidsgiveren

Akuttpsykiatri SNR er ein seksjon i Helse Møre og Romsdal HF, eit helseføretak i spesialisthelsetenesta. Seksjonen byggjer på kjerneverdiane tryggleik, kvalitet og respekt, og arbeider tverrfagleg. Arbeidsgjevaren tilbyr løn etter gjeldande overeinskomstar, ei god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår. Det er ikkje oppgitt tal for omsetning, resultat eller talet på tilsette.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 10.12.2026. Attestar og vitnemål skal lastast opp som vedlegg til søknaden.

Annonsetekst

Vi har no ledig 80% fast stilling for spesialsjukepleiar/sjukepleiar, p.t. på natt frå 01.03.27

Vi ønskjer oss ein positiv og fagleg dyktige person som ønskjer å bidra til at vi saman skal kunne tilby pasientane våre den beste behandlinga når dei kjem til oss. Som ein del av spesialisthelsetenesta verdset vi kompetanse og fagleg dyktigheit. Vi ønskjer oss ein kollega som er personleg eigna til å jobbe med vår pasientgruppe. Som eit tverrfagleg team ønskjer vi å tilby pasientane våre eit behandlingstilbod som er i tråd med våre kjerneverdiar; tryggleik, kvalitet og respekt.

Dersom du kjenner deg igjen i skildringa over, så håper vi at du sender oss ein søknad!

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
  • Følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak
  • Obligatorisk kursing og trening i MAP
  • Delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Legemiddelhandtering
  • Stillinga inneber turnusarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Vidareutdanning innan psykiatri vil vere ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsearbeid, rus eller anna relevant arbeid, men det er ikkje eit krav
  • Søkjarar med anna aktuell helsefagleg utdanning kan vere aktuelle for vikariat
  • Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Førarkort kl. B er ønskeleg

Personlege eigenskapar

Denne jobben kan tidvis vere krevjande kjenslemessig så det er viktig å vere ærleg mot seg sjølv og melde sitt behov om du skulle føle for at nokon ser deg og kan bistå slik at du får den støtte og rettleiing du treng. I det daglege arbeidet vil du jobbe tett på menneske som har tøffe historier med seg og som slit med seinskadar av dette, og det forventar vi at du toler å stå i.

  • Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne si avgrensning, og nok styrke til å trå til når det trengst
  • Du er nysgjerrig på fagfeltet, tør å stille spørsmål og er komfortabel med å bringe dine synspunkt inn til diskusjon med dine kollegaer
  • Vi jobbar i eit hektisk miljø og vi er avhengige av å ha tilsette som kan ta ei utfordring på sparket, og stole på seg sjølv
  • Du er positiv, ein god relasjonsbyggar og løysingsorientert slik at vi kan samarbeide godt både i eigen seksjon og på tvers med andre yrkesgrupper og andre samarbeidspartnarar
  • Du har stor arbeidskapasitet og god fysisk og psykisk helse då vi tidvis har pasientarbeid som er krevjande

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi oppmodar spesielt menn til å søkje.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Regionen vår! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Ingrid Ølander, Seksjonsleiar, Ingrid.Olander@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4 6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5202030113 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.03.2027 Søknadsfrist: 10.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 10.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Akuttpsykiatri Snr, Helse Møre Og Romsdal HF

API og MCPGET /company/932998521/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/932998521/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 13,
  "hits": [
    {
      "uuid": "455a6034-e95b-4c2c-9743-2edbb6a56356",
      "title": "Spesialsjukepleiar/sjukepleiar",
      "municipal": "MOLDE",
      "application_due": "2026-12-10 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "08bb80eb-34f3-4714-985b-89bb9dc3ec11",
      "title": "Sjukehusprest/sjukehusdiakon/ tru- og livssynssamtalepartnar ",
      "municipal": "MOLDE",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "932998521" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Spesialsjukepleiar/sjukepleiar» hos Helse Møre Og Romsdal HF Sjukehuset Nordmøre Og Romsdal Hjelset - Somatikk?
  • Ansetter Helse Møre Og Romsdal HF Sjukehuset Nordmøre Og Romsdal Hjelset - Somatikk flere i Molde nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Helse Møre Og Romsdal HF Sjukehuset Nordmøre Og Romsdal Hjelset - Somatikk i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Vernepleier til bolig i Nordland
Konstali Helsenor AS · NORDLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.

VikariatHeltid3 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Akuttpsykiatri Snr, Helse Møre Og Romsdal HF
Frist 10.12.2026
Søk på stillingen →