Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Driftsansvarleg reinhald

Alver Kommune · Alver, Vestland

FastHeltidOffentligSalg og service
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Alver Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Alver kommune søkjer ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga si fast, i heiltid, med arbeidsstad i Alver. Stillinga inngår i eit team med 2 andre driftsansvarlege og inneber 50 % reinhald og 50 % administrative oppgåver. Ansvarsområda omfattar oppfølging av tilsette og vikarar, dagleg planlegging og operativ styring av drifta, HMS-arbeid, kvalitetssikring og meldingar om behov for kompetanse, utstyr og materiell. Stillinga har ikkje personalansvar, men oppfølgingsansvar overfor medarbeidarane. Normalarbeidstid er kl. 06:30–14:00, og arbeidsgivar stiller med bil. Det vert stilt krav om fagbrev som reinhaldsoperatør eller tilsvarande erfaring, leiarerfaring, førarkort klasse B og gode norskkunnskapar.

Om arbeidsgiveren

Stillinga er knytt til reinhaldsavdelinga under NAV Alver kommune, ei underеining registrert innan sosialkontortenester med 57 tilsette. Avdelinga har om lag 70 tilsette fordelt på 3 ansvarsområde, og driftar 5 vaskeri ved institusjonar samt reinhaldsareal i alle kommunale bygg. Som kommunal verksemd tilbyr arbeidsgivaren pensjons- og forsikringsordning i KLP, og tilsetjing skjer etter gjeldande lov- og avtaleverk i offentleg sektor.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 1. november 2026.

Annonsetekst

Om stillinga

Me søkjer etter deg som er engasjert, serviceinnstilt og fagleg interessert i reinhald, og søkjer etter ein driftsansvarleg til reinhaldsavdelinga vår. Du vil inngå i eit team med 2 andre driftsansvarlege som deler den daglege drifta og vil ha ansvar for eigen portefølje. Du må og rekna med noko arbeid i drift. Det er ei fordeling i stillinga med 50% reinhald og 50% administrativt.

Me har ein spennande og variert arbeidskvardag, både administrative og operative oppgåver knytte til reinhald, og me har eit arbeidsmiljø som er godt og inkluderande. Du vil vera ein nøkkelperson i organisasjonen, og bidra til å sikra god drift og motiverte medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer blant anna å samarbeida tett med avdelingsleiar og andre i organisasjonen. Stillinga har ikkje personalansvar men oppfølgingsansvar, sørgja for at tilsette følgjer instruksar og rutinar, sikre kvalitet og stabilitet i leveransane våre.

Normalarbeidstida er kl. 06:30 - 14:00. Arbeidsgivar stiller med arbeids bil, og det er viktig at du trivst med å køyra bil heile året rundt på ulik veg- og føreforhold.

Send inn ein søknad og bli den nye kollegaen vår!

Om reinhaldsavdelinga

Reinhaldsavdelinga er bemanna med ca. 70 tilsette og har 3 ansvarsområder som vert koordinert av kvar sin driftsansvarleg. Reinhald er organisert som avdeling i tenesteområde drift- og vedlikehald, og arbeidsområdet vårt er heile den vidstrakte kommunen.

Avdelinga driftar 5 vaskeri ved institusjonar, og alt reinhaldsareal ved dei forskjellige bygga kommunen disponerar. I tillegg bistår vi ved ned- og utvask av kommunale bustader.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til HMS arbeid ved avdelinga
  • Knytt til dagleg planlegging og oppfølging av drift og vedlikehaldsoppgåver
  • Operativ styring av tildelte oppgåvene i kvardagen
  • Bidra til at drifta skjer i tråd med gjeldande rutinar
  • Sikre at nytilsette og vikarar får opplæring
  • Delta i utviklingsarbeid for avdelinga
  • Melde behov for kompetanseheving
  • Melde behov for utstyr , hjelpemidlar og inventar
  • Melde behov for forbruksmateriell
  • Bidra til kvalitetssikring, kontinuitet og god flyt i tenesteytinga

Kvalifikasjonskrav

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør, alternativt dokumentert pågående utdanning innan fagområdet eller erfaring frå profesjonelt reinhald
  • Relevant erfaring innan leiing, gjerne frå reinhaldsfaget eller anna operativ verksemd
  • Erfaring med personaloppfølging og koordinering av dagleg drift
  • Grunnleggende IT-kompetanse
  • Førerkort B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Kven er du?

  • Du er fleksibel, påliteleg og effektiv
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
  • Har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode norsk språkferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Du blir motivert av å yta service og skapa gode serviceopplevingar
  • Du er sjølvstendig, men liker også å arbeida i team
  • Du er lærevillig og positiv til nye utfordringar
  • Du har eit godt humør som bidrar til et hyggjeleg arbeidsmiljø

Me tilbyr

  • Oppfølging og rettleiing
  • Erfarne kollegaer og eit trygt og godt arbeidsmiljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing og løn i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet og organisasjonen. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Flere stillinger hos Alver Kommune

API og MCPGET /company/988240818/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/988240818/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "28921be1-a268-4644-a8a4-68ead15dc379",
      "title": "Rådgjevar - 100% fast- Landbruk",
      "municipal": "ALVER",
      "application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "0ab76b20-d482-48dd-afac-69222d2f0773",
      "title": "Fast jobb i studietida og fortsett som trainee",
      "municipal": "ALVER",
      "application_due": "2026-12-31 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "988240818" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Driftsansvarleg reinhald» hos Nav Alver Kommune?
  • Ansetter Nav Alver Kommune flere i Alver nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Nav Alver Kommune i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Vi søker en selvstendig renholder/teamleder
Økodamp Renhold As · AKERSHUS

Økodamp Renhold søker en selvstendig renholder/teamleder i fast deltidsstilling i Akershus, med flyttevask og andre renholdsoppdrag.

FastDeltidSalg og service
Frist 2.12.2026
Selger – brenner du for salg?
LA Takpleie · AGDER

LA Takpleie søker 1 selger på heltid, fast ansettelse, med provisjonsbasert lønn og salg av tak- og fasadevask i Agder.

FastHeltidSalg og service
Frist 31.1.2027
En deltidsjobb som kan bli starten på noe stort
Bt Consulting Services AS · AKERSHUS

BT Consulting Services AS søker 1 student til deltidsengasjement i salg mot tannklinikker, med arbeidssted på Billingstad i Akershus.

EngasjementDeltidSalg og service
Frist 22.11.2026