Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Spesialist i allmennmedisin 100 %

Voss Herad Voss Legekontor · Voss, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 25.10.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Voss herad søkjer ein spesialist i allmennmedisin til fast, heiltids stilling som fastlege ved Voss legekontor. Stillinga inneber utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar, deltaking i vaktordning (daglegevakt ved akuttmottak på Voss sjukehus, samt interkommunal legevakt), rettleiing og undervisning, kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid. Arbeidsstad er Voss i Vestland.

Om arbeidsgjevaren

Voss legekontor er eit kommunalt fastlegekontor med 7 fastlegeheimlar, 1 LIS1-lege, 5 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær. Kontoret er godkjent utdanningsverksemd og har fleire legar i ALIS-stillingar. Voss herad er vertskommune for eit interkommunalt legevaktsamarbeid (Voss IKL) med Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam, noko som gjev eit breitt tverrfagleg fagmiljø. Arbeidsgjevar tilbyr konkurransedyktige vilkår med fastløn og insentiv, samt pensjons- og forsikringsordningar på vanlege kommunale vilkår.

Krav til søkjar

Søkjar må vere spesialist i allmennmedisin med norsk autorisasjon som lege, ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, førarkort klasse B, og rett til å motta trygderefusjon. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 25. oktober 2026.

Om stillingen

Voss herad søkjer fastlege: Spesialist i allmennmedisin 100 % Er du spesialist i allmennmedisin og på utkikk etter nye moglegheiter?

Me søkjer etter ein engasjert og fagleg dyktig lege som ynskjer å bli ein del av eit moderne og framtidsretta legekontor. Tenesta er inne i ein spennande fase med reorganisering og vidareutvikling av kontoret. Det er stort fokus på kvalitet, effektiv drift og at pasienten er i sentrum.

Om arbeidsstaden:

Voss legekontor er eit kommunalt fastlegekontor med 7 fastlegeheimlar, 1 LIS1 lege, 5 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Fastlegane ved legekontoret deltek i rotasjon på daglegevakt, som er lokalisert i akuttmottak ved Voss sjukehus. Dette gjev eit godt tverrfagleg fagmiljø. Voss herad er godkjent som utdanningsverksemd, Voss legekontor har fleire legar i ALIS stillingar. Voss herad er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta held til i same lokale som daglegevakta og er eit samarbeid mellom Voss, Ulvik, Eidfjord, Vaksdal og Kvam. Journalsystemet WebMed er nytta både på legekontoret og på legevakta.

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Delta i vaktordning for legar.
  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid.
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Deltaking i kommunale oppgåver og interkommunal legevakt.

Me tilbyr:

  • Listelengde etter avtale
  • Tilpassa arbeidskvardag ut i frå kommunale oppgåver
  • Økonomiske vilkår: Konkurransedyktige vilkår (fastløn og insentiv).
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar:

Spesialist i allmennmedisin

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Du må ha rett til å mota trygderefusjon
  • Er sjølvstendig og løysningsorientert
  • Er fagleg engasjert og opptatt av pasientbehandling av høg kvalitet

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 25.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial