Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Helsefagarbeidarar

Sunnylven Distrikt, Stranda Kommune · Stranda, Møre Og Romsdal

FastDeltidHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Sunnylven Distrikt, Stranda Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Sunnylven distrikt i Stranda kommune lyser ut to stillingar for helsefagarbeidarar: ei 53 % fast stilling med oppstart 26.08.2026, og eit 80 % vikariat frå 01.09.2026 til 31.08.2027. Søkjar må oppgi i søknaden kva stilling det søkjast på. Arbeidsstad er Hellesylt i Stranda kommune, Møre og Romsdal. Arbeidsoppgåvene omfattar heimetenester til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad, pleie og omsorg for yngre med funksjonsvariasjonar, medikamenthandtering, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid.

Om arbeidsgivaren

Stranda kommune er ein offentleg forvaltningseining i Møre og Romsdal. Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og yter i tillegg heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til heimebuande. Kommunen tilbyr offentleg tenestepensjon gjennom KLP, gode forsikringsordningar og moglegheit for vidareutdanning med støtte. Ved rekrutteringsutfordringar kan arbeidsgjevar vurdere å dekke husleigeutgifter for ein tidsavgrensa periode.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 19.07.2026. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.

Om stillingen

Sunnylven distrikt består av 23 omsorgsbustadar og i tillegg blir det gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til eit varierande antal heimebuande.

Vi har ledig

  • 53% fast stilling som helsefagarbeidar frå 26.08.26
  • 80% vikariat som helsefagarbeidar frå 01.09.26 - 31.08.27

Det må gå fram av søknaden kva stilling søknaden gjeld.

Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.

Kvifor velge oss:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • God fastløn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver

  • Heimeteneste til heimebuande og bebuarar i omsorgsbustad
  • Heimeteneste for yngre med funksjonsvariasjonar
  • Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon
  • Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
  • Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Utdanning som helsefagarbeidar
  • Alminnelege datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl B
  • Personleg eignaheit vektleggast

Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Trygg og Omsorgsfull
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Samarbeidar godt med kollegaer, brukarar og pårørande
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Likar utfordringar
  • Ønske om kompetanseutvikling
  • Interesse for faget

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som blir tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17 6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5142647190 Stillingsprosent: 53% Fast Startdato: 27.08.2026 Søknadsfrist: 19.07.2026

Flere stillinger hos Sunnylven Distrikt, Stranda Kommune

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut til heltidsengasjement innen migrasjonshelse i Nordland, med dekket bolig og reise.

EngasjementHeltidHelse og sosial