Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Helsesjukepleiar
Helsestasjonstenester, Klepp Kommune, Tenesteområde Barn Og Unge · Klepp, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Klepp helsestasjon søker helsesjukepleiar til ei fast stilling i skulehelsetenesta, med oppstart 01.01.2027. Stillinga er på 100 % (heltid), og det er 1 ledig stilling. Arbeidsstaden er skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule i Klepp kommune. Hovudoppgåvene er helsefremjande og førebyggjande arbeid for barn og ungdom i alderen 6–16 år, individuelle samtalar og rettleiing, undervisning i klasser og grupper, helseundersøkingar og vaksinering, samt tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar. Søkjarar må ha autorisasjon som helsesjukepleiar (eller vere under utdanning til dette), og gyldig politiattest er påkravd.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til skule- og helsestasjonstenesta i Klepp kommune, ei underavdeling innan helsestasjons- og skolehelsetjenester i offentleg forvaltning. Verksemda har 21 tilsette og er ein del av tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst, som også omfattar barnevern, PPT, Klepp tverrfagleg team og fritidstenester.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 14.10.2026.
Om stillingen
Vil du jobba med barn og ungdom – og gjera ein forskjell kvar dag?
Ved Klepp helsestasjon har vi frå 01.01.2027 ei ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta. Vi søkjer deg som er engasjert helsesjukepleiar og som ønskjer å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og ungdom gjennom helsefremjande og førebyggjande arbeid.
Om arbeidsstaden Helsestasjonstenesta er organisert i tenesteområdet Barn og unge under Oppvekst. Tenesteområdet omfattar også barnevern, pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Klepp tverrfagleg team (KTT) og fritidstenester. Skulehelsetenesta har ei sentral rolle i kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid. Gjennom tett samarbeid med elevar, føresette, skular og andre faginstansar arbeider vi for tidleg innsats, meistring og heilskapleg oppfølging.
Om stillinga Stillinga er knytt til skulehelsetenesta ved barne- eller ungdomsskule. Målgruppa er barn og ungdom i alderen 6 til 16 år. Som helsesjukepleiar vil du vera ein viktig støttespelar for elevar, føresette og skulen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og ungdom for tidleg identifisering av behov og oppfølging
- Individuelle samtalar, rettleiing og oppfølging av elevar
- Undervisning trinnvis og i grupper
- Gjennomføring av helseundersøkingar og vaksinering
- Tverrfagleg samarbeid med skule, føresette og andre faginstansar
Kvalifikasjonar
- Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsesjukepleiar
- Er du i utdanningsforløp som helsesjukepleiar, kan du også søkje
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskelig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som:
- Har gode samarbeidsevner brenn for å fremje god helse og livsmeistring hos barn og ungdom
- Møter barn, ungdom og føresette med respekt, tryggleik og varme byggjer gode relasjonar og skaper tillit
- Tek ansvar, arbeider sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- Trivst med samarbeid og ser verdien av tverrfagleg arbeid
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Vi tilbyr:
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell for barn og ungdom kvar dag
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Tett samarbeid i tverrfaglege team
- Faste fagmøte, rettleiing og gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Fadderordning og god oppfølging i oppstartsperioden
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Inger Olsson, Leder, +47 90804283
Arbeidsstad
Olav Hålandsveg 2 4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5187914808 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 14.10.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Møre og Romsdal, med oppstart i oktober 2026.
Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat i hjemmetjenesten i Trøndelag, oppstart 10. oktober 2026.