Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Helsesjukepleiar

Herøy Kommune, Seksjon Førebyggjande · Herøy (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal

VikariatHeltidOffentligHelse og sosialFrist 22.9.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Herøy kommune søker helsesjukepleiar til eit 100 % vikariat i skulehelsetenesta, med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeidsstad er Eggesbønes/Fosnavåg i Herøy. Oppstart er sett til 01.10.2026 med sluttdato 19.06.2027. Stillinga inneber helsefremjande og førebyggjande arbeid retta mot barn og unge i barne- og ungdomsskule, individuelle samtalar, helseundersøkingar, vaksinering og tverrfagleg samarbeid med skule, fastlegar og andre tenester. Krav er autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar (eller anna relevant kompetanse), minimum bachelor i helse- og sosialfag, samt førerkort klasse B. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til helsestasjonen i Herøy kommune, ei underavdeling for helsestasjons- og skulehelsetenester organisert under offentleg forvaltning. Verksemda har 13 tilsette og er ein del av seksjon førebyggjande, som samla har 10 årsverk og er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus, og seksjon rehabilitering. Som kommunal helseteneste tilbyr arbeidsgjevaren mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, og er ei IA-bedrift.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 22.09.2026.

Om stillingen

Helsesjukepleiar 100 % vikariat med moglegheit for fast tilsetjing

Vil du vere med og bidra til god helse, meistring og trivsel for barn og ungdom?

Herøy kommune har ledig eit 100% vikariat som helsesjukepleiar i skulehelsetenesta frå snarast og fram til 19.06.2027, med moglegheit for fast tilsetjing.

Helsestasjon og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet retta mot barn og unge. Som helsesjukepleiar vil du arbeide i både barne- og ungdomsskule og vere ein viktig støttespelar for elevar, føresette og samarbeidspartnarar.

Arbeidsoppgåver inkluderer skulehelseteneste i barneskule og ungdomsskule, men oppgåver kan bli endra innanfor område som ligg til seksjonen.

Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse, og er lokalisert på Eggesbønes. Seksjonen er samlokalisert med barneverntenesta, seksjon psykisk helse og rus og seksjon rehabilitering. Seksjonen har 10 årsverk.

Herøy kommune nyttar BTS-modellen (Betre tverrfagleg samhandling) som er eit sentralt verktøy i kommunen sitt daglege arbeid og i det kontinuerlege utviklingsarbeidet av tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • helsefremjande og førebyggande arbeid i skulehelsetenesta
  • individuelle samtalar og oppfølging av elevar
  • helsesamtalar og helseundersøkingar etter nasjonale retningslinjer
  • rettleiing og rådgjeving til elevar og føresette
  • tverrfagleg samarbeid med skule, fastlegar og andre relevante tenester
  • vaksinering i tråd med "Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram"
  • delta i utvikling av tenesta
  • andre oppgåver kan kome til

Kvalifikasjonar

  • autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • andre med relevant kompetanse kan bli vurdert
  • minimum bachelor i helse- og sosialfag
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • du må ha førerkort klasse B og disponere eigen bil

Det må leggast fram godkjent politiattest før tilsetting. Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden

Personlege eigenskapar

  • du er fagleg engasjert og sjølvstendig
  • du må kunne jobbe strukturert og sjølvstendig, samstundes som du arbeider godt i team
  • du er trygg i møte med barn, ungdom og føresette
  • du er fleksibel, løysingsorientert og god til å prioritere daglege oppgåver
  • du er ansvarsbevisst og toler å stå i krevjande situasjonar
  • vi verdset evna til å skape trivsel, inspirere og bidra til eit stygt og støttande arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vil bli vektlagd i stor grad.

Vi tilbyr

  • spanande og meiningsfulle oppgåver med moglegheit til å påvirke tenesta
  • dyktige og engasjerte kollegaer
  • eit tverrfagleg fagmiljø med stort engasjement
  • gode moglegheiter til å påvirke og utforme eige arbeid
  • dagarbeid med fleksitidsordning
  • god forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
  • IA-bedrift
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • moglegheit for sletting av studiegjeld med inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning for kommunar i sentralitetsgruppe 5

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Janita Westbø Remøy, Seksjonsleiar seksjon førebyggjande, +47 41693740

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11 6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5167963490 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 19.06.2027 Søknadsfrist: 22.09.2026

Søk på jobben
Søk senest 22.9.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Tilkallingsvikarer
Miljøarbeidertjenesten, Bamble kommune
AnnetDeltid5 stillingerHelse og sosial
Frist 27.9.2026
Vernepleier til bolig i Akershus
Konstali Helsenor As · AKERSHUS

Konstali Helsenor søker vernepleier til heltids vikariat i bolig i Akershus, oppstart 21. september.

VikariatHeltidHelse og sosial
Frist 14.9.2026
Sykepleier til sykehjem i Troms
Konstali Helsenor As · TROMS

Konstali Helsenor søker 2 sykepleiere til vikariat på sykehjem i Troms, heltid med oppstart 14. sept. 2026.

VikariatHeltid2 stillingerHelse og sosial
Frist 13.9.2026