Avarn Security i Alta søker områdeleder på heltid, fast ansettelse, med ansvar for stasjonære og mobile vektertjenester.
Ambulansearbeidar / paramedisinar
Prehospital Avdeling, Helse Fonna HF · Stord, Vestland
Annonsetekst
🚑 Vil du ha ein fast jobb i ambulansetenesta og bli ein del av eit moderne og framtidsretta fagmiljø? Helse Fonna si ambulanseteneste består av 10 ambulansestasjonar og har eit sterkt fokus på fagleg utvikling, samarbeid og kvalitet i pasientbehandlinga. Hos oss får du arbeide i eit spennande og variert fagmiljø saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du blir ein del av ei teneste der kompetanseutvikling, læring og kontinuerleg forbetring står sentralt – og der du får vere med på å forme framtidas ambulanseteneste. Vi har no ledige faste stillingar ved ambulansestasjonane på Karmøy, Stord og Sauda. Stillingane varierer i storleik frå 63 % til 100 %. Vi oppmodar kvalifiserte søkjarar til å søkje, og ber om at det blir opplyst i søknaden kva stasjon(ar) det er ønskjeleg å arbeide ved 💙 Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb, trivst med ansvar og vil gjere ein forskjell for pasientane – kvar einaste dag. 👉 Kjenner du deg igjen? Då håpar vi å høyre frå deg! Send inn søknaden din i dag.
Kva går jobben ut på?
- Behandling og transport av pasientar.
- Bidra til fagleg utvikling og halde ved lag og vidareutvikle eigen kompetanse.
- Opplæring og rettleiing av lærlingar, studentar og hospitantar.
- Jobbe på fleire ambulansestasjonar i føretaket ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som ambulansearbeider eller paramedisiner
- Sertifikat kode 160 og C1. Dersom søkjar ikkje har C1 må det takast innan 6 månader etter oppstart.
- Bestått fysisk test.
- Grunnleggjande datakunnskapar.
- På grunn av beredskap, kan lokal tilhøyrighet verta vektlagt.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Jobbar godt sjølvstendig når situasjonen krev det, og samtidig trivst i tett samarbeid med andre
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø ved å dele kunnskap og støtte kollegaene dine
- Kommuniserer tydeleg og møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt
- Tek initiativ, ser kva som må gjerast og bidreg der det trengst
- Har engasjement for faget og ønskjer å utvikle deg vidare
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Ein fast jobb i ei teneste i utvikling
- Forutsigbar turnus og fast oppmøtestad
- Ein variert arbeidsdag på tvers av fleire ambulansestasjonar
- Bli ein del av eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Ein meiningsfull jobb der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar
- Me kan tilby eit spennande arbeid i ei teneste i utvikling på ein stasjon med godt arbeidsmiljø.
Dersom du søkjer om fortrinnsrett, må dette oppførast i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Tore Samdal Lund, Funksjonsleiar, tore.samdal.lund@helse-fonna.no Geir Røssland, Funksjonsleiar, geir.rossland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64 5416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5208541042 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.11.2026
API og MCPGET /company/988881236/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/988881236/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "3d67dadb-7171-4d80-897d-7baf2a53842a",
"title": "Ambulansearbeidar / paramedisinar",
"municipal": "STORD",
"application_due": "2026-11-26 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "988881236" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Ambulansearbeidar / paramedisinar» hos Helse Fonna HF Stord Ambulansestasjon?
Ansetter Helse Fonna HF Stord Ambulansestasjon flere i Stord nå?
Hvilke andre stillinger lyser Helse Fonna HF Stord Ambulansestasjon ut nå?
Lignende stillinger
Keysec søker 2 vaktledere til Flytoget ved Gardermoen og Oslo S, heltid og fast ansettelse, med turnus.
VaktSec i Oslo søker 70 ordensvakter på deltid, fast ansettelse.
Avarn Security søker 15 vektere på Stord, fast ansettelse, 20–100 % stilling, blant annet for kunden Aker Solutions.
Avarn Security søker 1 operativ leder på Stord, fast heltidsstilling innen vakttjenester. Søknadsfrist 1. desember 2026.