Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.
Miljøarbeidar/fagarbeidar i skule
Sør-Fron Kommune · Sør-Fron, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Sør-Fron kommune søkjer ein miljøarbeidar/fagarbeidar i skule til eit vikariat i 70% stilling ved Sør-Fron skule. Oppgåvene er oppfølging og rettleiing av ungdom i kvardagen, relasjonsbygging, handtering av utfordrande åtferd, samarbeid med føresette og kollegaer, samt bidrag til målretta miljøarbeid. Relevant høgare utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønska, men erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning. Vikariatet varer frå 1. september 2026 til 31. mars 2027. Arbeidsstad er Sør-Fron.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Sør-Fron skule, ei underining innan ordinær grunnskuleundervisning med 69 tilsette. Som ein offentleg skule inngår verksemda i kommunal drift, og stillinga er del av det faglege miljøet rundt elevane ved skulen.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. august 2026.
Om stillingen
Vi søkjer deg som trivst med ungdom og som møter dei med respekt, varme og tydelege rammer. Er du trygg på deg sjølv og handterer utfordrande situasjonar på ein god måte? Då kan du vere den vi ser etter! Vikariatet gjeld til 30.03.2027.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og rettleiing av ungdom i kvardagen.
- Byggje gode relasjonar og bidra til eit trygt og inkluderande miljø.
- Handtere utfordrande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte.
- Samarbeide med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til målretta miljøarbeid og utvikling av gode tiltak for ungdommane.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Erfaring frå arbeid med ungdom.
- Erfaring med ungdom med åtferdsvanskar eller anna utfordrande åtferd.
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid.
- Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson.
- Du har god relasjonskompetanse.
- Du er tolmodig, robust og løysingsorientert.
- Du evnar å setje grenser på ein respektfull måte.
- Du er fleksibel og ansvarsmedviten.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein forskjell i ungdomane sin kvardag.
- Eit fagleg engasjert og støttande arbeidsmiljø.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Clausen, Avdelingsleiar 8.- 10. trinn, 97665350, lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no Dan-Håkon Fonstad, Rektor Sør-Fron skule, 48247994, dan-hakon.fonstad@sor-fron.kommune.no
Arbeidssted
Glasmestermoen 8 2647 Sør-Fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune Referansenr.: 5161924201 Stillingsprosent: 70% Vikar Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.03.2027 Søknadsfrist: 31.08.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.
WorkNorway Group søker 2 intensivsykepleiere til vikariat i Troms, oppstart 31.08.
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.