Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Helsefagarbeidar 

Herøy Kommune, Myrvåg Omsorgssenter Seksjon A · Herøy (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist om 1 dag

AI-sammendrag

Om stillingen

Herøy kommune søkjer ein helsefagarbeidar i fast 80% stilling ved Myrvåg omsorgssenter, seksjon A — ein somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plassar. Stillinga er organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg, og er ledig frå 21.09.2026. Arbeidsoppgåvene omfattar pleie- og omsorgsarbeid (ernæring, personleg hygiene, mobilisering og miljøarbeid), utarbeiding og oppfølging av tiltaksplanar, dokumentasjon i journalsystemet Gerica, samt tett samarbeid med pasientar, pårørande og tverrfaglege team.

Om arbeidsgivaren

Herøy kommune er ein distriktskommune i Møre og Romsdal (kommunegruppe 5) og ein offentleg arbeidsgjevar innanfor helse- og omsorgstenester. Kommunen tilbyr tariffløn, gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, stipendordningar ved vidareutdanning og fagdagar i turnus. Som eit særleg incentiv for rekruttering til distriktet kan tilsette busett i kommunen frå 1. januar 2025 få sletta studielån med inntil 25 000 kroner per år.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 17.08.2026. Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Om stillingen

Er du klar for nye utfordringar og ein jobb som gir meining? Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar i 80% fast stilling til Myrvåg omsorgssenter, seksjon A. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med faglege utfordringar. Stillinga er for tida organisert med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg.

Stillinga er ledig frå 21.09.2026

Myrvåg omsorgssenter består av to seksjonar: seksjon A: somatisk sjukeheimsseksjon med langtids-, korttids- og KAD-plass (kommunal akutt døgneining) seksjon B: seksjon for personar med demens med langtids- og korttidsopphald

Arbeidsoppgåver

  • pleie- og omsorgsoppgåver til bebuarar i sjukeheim (ernæring, personleg hygiene, mobiliering, og miljøarbeid)
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • samarbeide tett med pasient, pårørande og ulike yrkesgrupper for å yte eit heilskapleg pasientforløp
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • gode datakunnskapar, erfaring med Gerica er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utført på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møte brukarar og kollegaer med eit smil og ein positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • stipendordningar ved vidareutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse og trivsel
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI), Visma Veilederen og Glup
  • fagdag i turnus

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Anna Emilie Blomstervik, Seksjonsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Åsvegen 13 6080 Gurskøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5156498995 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 21.09.2026 Søknadsfrist: 17.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 17.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial