Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Barne og ungdomsarbeider i SFO

Lye Skule, Time Kommune · Time, Rogaland

FastDeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Lye Skule, Time Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Lye skule i Time kommune søker ein barne- og ungdomsarbeidar til 27 % fast stilling i SFO. Timane er fordelt på tre ettermiddagar. Arbeidsoppgåvene inneber å følgje opp elevar enkeltvis og i grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål. SFO har i dag 115 elevar og 11 tilsette. Aktuelle søkjarar bør vera utdanna barne- og ungdomsarbeidar med erfaring frå skulefritidsordning, og ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Arbeidsstad er Kvartsvegen 5B i TIME, Rogaland. Ønskeleg oppstart er 14.09.2026.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til FAU ved Lye skule, ei underending til ein ikkje-næringsdrivande organisasjon innan aktivitetar i andre medlemsorganisasjonar, med forretningskommune Time.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 11.09.2026. Intervju vert gjennomført fortløpande.

Om stillingen

SFO på Lye skule treng fleire med på laget. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god kvardag der barn og unge får utvikla seg. Du vil vera ein viktig fagperson som i tett samarbeid med kollegaer arbeider for at kvar enkelt elev blir teken på alvor og sett kvar dag. SFO på Lye skule har i dag 115 elevar og 11 tilsette i ulike typar stillingar. Hos oss har me fokus på leik, inkludering og vennskap, samt trivsel blant både vaksne og barn.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil få ansvar for å følgje opp elevar enkeltvis og i større grupper, drive aktivitetar og bidra i daglege gjeremål i SFO.

Kvalifikasjonar

Barne- og ungdomsarbeider, med erfaring innan skulefritidsordning.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Me tilbyr

27% fast stilling i SFO. Timane vil vera fordelt på tre ettermiddager. Ønskeleg med snarleg oppstart. Intervjuer fortløpande.

  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Iselin Stangeland, Leiar Sfo, 95107964, iselin.stangeland@time.kommune.no

Arbeidsstad

Kvartsvegen 5B 4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5171836310 Stillingsprosent: 27% Fast Startdato: 14.09.2026 Søknadsfrist: 11.09.2026

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning