Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Erfaringskonsulent

Nordfjord Psykiatrisenter, Seksjon Dag · Stad, Vestland

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 23.8.2026

Om stillingen

Seksjon dag ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 50% fast stilling for å oppretthalde pasientperspektivet i tenesta vår.

Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag. Seksjon Dag tilbyr poliklinisk behandling til menneske med utfordringar relatert til psykisk uhelse og rus. I Seksjon Dag inngår blant anna eit FACT-team som jobbar oppsøkjande og fleksibelt for å hjelpe dei pasientane som treng tettast og mest tverrfagleg oppfølging.

For å kunne gje eit breitt tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Vi har til no hatt gode erfaringar med å ha erfaringskompetanse som ein del av fagmiljøet.

Arbeidsoppgåver

  • Styrke pasientperspektivet og pasientmedverknaden i Seksjon dag og ved Nordfjord psykiatrisenter.
  • Hovudsakleg direkte pasientretta arbeid i FACT-team og i poliklinikken ellers, men også deltaking i systematisk utvikling av tenestene.
  • Representere erfaringskunnskapen i det tverrfaglege teamet.
  • Motivere pasientar til å ta eigarskap til sin betringsprosess og styrke recoveryfokuset i tenesta.
  • Pårørandeinvolvering og støtte.
  • Samarbeid og samhandling med kommunehelsetenesta, NAV og andre tenesteytarar.
  • Arbeidstida er på dagtid på kvardagar.

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført høgare yrkesfagleg utdanning for erfaringskonsulentar.
  • Du har hatt utfordringar med psykisk uhelse og fått dag- og døgnbehandling i spesialisthelsetenesta for dette.
  • Du kan nytte eigne erfaringer frå psykisk uhelse, samt behandling og betring frå denne, til å hjelpe andre menneske.
  • Du beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg.
  • Du har førarkort klasse B.
  • Du er personleg eigna til arbeidet.

Personlege eigenskapar

  • Du er open og kan bruke deg sjølv og dine personlege erfaringar i arbeidet, men har samstundes eit breitt perspektiv på kva som skal til for å få til tilfrisking.
  • Du har evne til å byggje relasjonar til andre.
  • Du har god rolleforståing, evne til refleksjon, og til å arbeide målretta over tid.
  • Du kan samarbeide godt med andre, og ønskjer å utvikle deg fagleg.
  • Du kan kommunisere tydeleg, og er trygg nok til å målbere ditt perspektiv.

Vi tilbyr

  • Vekentleg rettleiing frå næraste leiar
  • Deltaking i nettverk saman med andre erfaringskonsulsentar
  • Opplæring i FACT-modellen og tilrettelegging for eventuelt KBT-utdanning
  • Kollegaer med høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling og høve til å ta relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Børre Taklo, Seksjonsleiar, +47 91314965 - 90736303

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9 6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5162342789 Stillingsprosent: 50% Fast Søknadsfrist: 23.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 23.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026