Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Leiar for teknologi og medisinsk teknikk

Avdeling For Teknologi Og Dataflyt, Klinikk For Medisinske Tenester Og Beredskap  · Haugesund, Rogaland

FastHeltidIndustri og produksjon

AI-sammendrag

Om stillingen

Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk i fast, heiltidsstilling ved Haugesund sjukehus. Rolla inneber personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar og ansvar for forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr som blir brukt direkte i pasientbehandling. Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt og inngår i ei leiargruppe saman med ein ny funksjonsleiar for helsedata. Oppgåvene spenner frå dagleg operativ oppfølging og vedlikehald til langsiktig planlegging av anskaffingar, utskifting og livssyklus for utstyr.

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus er eit offentleg somatisk sjukehus med 2 162 tilsette, organisert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Som del av spesialisthelsetenesta i Rogaland er verksemda samfunnskritisk, og medisinteknologiavdelinga er direkte knytt til pasienttryggleik og klinisk kvalitet.

Søknad og frist

Søknadsfrist: 17. august 2026.

Annonsetekst

Ver med og sikre trygg og moderne teknologi for pasientbehandling. Vi søkjer no to leiarar som skal byggje framtidas teknologiavdeling saman. Helse Fonna søkjer ein funksjonsleiar for teknologi og medisinsk teknikk som vil ha ansvar for ein kritisk del av helsetenesta – teknologien som blir brukt direkte i pasientbehandling. Dette er ein jobb med meining – der du bidreg til at livsviktig utstyr fungerer, er trygt å bruke og blir utvikla i takt med behova i helsetenesta. Du vil leie arbeidet med forvaltning, drift og utvikling av medisinteknisk utstyr, og vere eit viktig bindeledd mellom kliniske miljø, teknologi og leverandørar.

Du rapporterer til avdelingsleiar for teknologi og dataflyt, og inngår i leiargruppa saman med ny funksjonsleiar for helsedata og dataflyt (annonse ute). Du får personalansvar for ein seksjon med 18 medarbeidarar innan medisinteknisk utstyr. Rolla kombinerer leiing, operativ oppfølging og fagleg utvikling – med ansvar for både dagleg drift og langsiktig utvikling av området.

Dette er ei sentral rolle for pasienttryggleik og kvalitet i helsetenesta, der du samarbeider tett med kliniske miljø og brukarar. Du får ansvar for avansert og samfunnskritisk teknologi, og vil vere ein viktig bidragsytar i modernisering og digitalisering av medisinteknisk utstyr. Samstundes får du høve til å påverke korleis teknologi blir brukt i framtidas helsetenester, med stor påverknadskraft på prioriteringar og vidare utvikling.

Kva går jobben ut på?

  • Leie og følgje opp det daglege arbeidet i seksjonen, med ansvar for drift og framdrift
  • Ha personalansvar og bidra til utvikling av medarbeidarar og fagmiljø
  • Sikre forsvarleg drift, vedlikehald og forvaltning av medisinteknisk utstyr
  • Planleggje og følgje opp anskaffingar, utskifting og livssyklus, samt bidra i investeringar og prioriteringar
  • Samarbeide tett med kliniske miljø, leverandørar og IT for å finne gode løysingar, sikre integrasjon og etterleving av lover og standardar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Relevant høgare utdanning innan ingeniørfag, medisinteknikk, teknologi eller liknande
  • Erfaring med drift, forvaltning eller teknisk leiing.
  • Ønskeleg erfaring med medisinteknisk utstyr eller tilsvarande teknologiske miljø
  • Ønskeleg med erfaring med anskaffingar og leverandøroppfølging
  • Tilfredstille krava til DSB samtykke og reparasjon av elektromedisinsk utstyr er ein fordel
  • Kjennskap til regelverk for medisinsk utstyr er ein fordel
  • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein tydeleg og trygg leiar
  • har god teknisk forståing og interesse for medisinteknologi
  • er strukturert og evnar å prioritere i ein kompleks kvardag
  • har høg gjennomføringsevne
  • byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med tekniske og kliniske miljø
  • er oppteken av kvalitet, tryggleik og forbetring

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

  • Ei viktig leiarrolle i ei samfunnskritisk verksemd
  • Ein jobb med meining – du bidreg direkte til pasienttryggleik
  • Eit sterkt fagmiljø innan teknologi og helse
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Trygge rammer og gode pensjonsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Simen Kjellberg, Avdelingsleiar, 90628019, simen.kjellberg@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5126115980 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.08.2026

Flere stillinger hos Avdeling For Teknologi Og Dataflyt, Klinikk For Medisinske Tenester Og Beredskap 

Studiesjukepleiar
Forsking og innovasjon · HAUGESUND, ROGALAND

Helse Fonna ved Haugesund sjukehus søker 1 studiesjukepleiar i fast 50 % stilling innen kliniske behandlingsstudier.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 13.12.2026
API og MCPGET /company/974724774/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/974724774/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 15,
  "hits": [
    {
      "uuid": "523a9253-ad36-4375-a7de-e592fe8da25a",
      "title": "Sjukepleiar? Ortopedisk sengepost søkjer deg!",
      "municipal": "HAUGESUND",
      "application_due": "2026-12-07 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "26851b10-2fcd-469f-8a5d-402b3fb92e1f",
      "title": "Rådgivar - helsepedagogikk og digital tjenesteutvikling",
      "municipal": "HAUGESUND",
      "application_due": "2026-12-10 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "974724774" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus flere i Haugesund nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus ut nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

CAD & PLM Application Specialist
CERN

CERN i Sveits søker én CAD & PLM Application Specialist på heltid, som engasjement med hybrid arbeidsform.

EngasjementHeltidIndustri og produksjon
Frist 13.12.2026
Building for 2027 – Are You On Board?
Level Offshore AS · HAUGESUND, ROGALAND

Level Offshore i Haugesund søker 7 ROV-piloter/teknikere til vikariat på heltid, med oppstart rettet mot 2027.

VikariatHeltid7 stillingerIndustri og produksjon
Activity is increasing!
Level Offshore AS · HAUGESUND, ROGALAND

Level Offshore i Haugesund søker 5 ROV Supervisors på heltid i engasjement, med offshore-erfaring og ENG1-helseattest.

EngasjementHeltid5 stillingerIndustri og produksjon