Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Leiar Pleie og omsorg

Eidfjord Bygdaheim · Eidfjord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 31.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Eidfjord Bygdaheim søkjer ein fast leiar for pleie og omsorg i full stilling. Rolla er ei nøkkelstilling med heilskapleg ansvar for drift, fag, økonomi og personal i pleie- og omsorgstenestene. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna personalansvar for alle tilsette i eininga, planlegging av turnus og bemanning, systematisk kvalitetsforbetring og HMS-arbeid, samt strategisk arbeid med kompetanseutvikling og digitalisering/velferdsteknologi. Stillinga inngår i leiargruppa for helse- og omsorgssektoren. Arbeidsstad er Eidfjord kommune i Vestland. Søknadsfrist er 31. august 2026.

Om arbeidsgivaren

Eidfjord Bygdaheim er ein undereining innan sykehjemstjenester i Eidfjord kommune, med 59 tilsette. Som kommunal verksemd er organisasjonen ein del av det offentlege omsorgsapparatet i ein liten vestlandskommune. Kort veg frå idé til handling og tett kontakt mellom leiar, medarbeidarar og brukarar pregar arbeidskulturen.

Om stillingen

Vil du vere med og forme framtidas pleie- og omsorgstenester - i ein liten kommune med stort hjarte, der naturen gjev energi og arbeidsdagen gjev meining?

Dette er jobben for deg som vil vere tett på både folk og fag, og som trivst med å vere ein synleg og samlande leiar. Du får ein arbeidskvardag der du ser menneska bak tala, og der innsatsen din betyr noko.

Som leiar for pleie og omsorg får du ei nøkkelrolle i å utvikle tenestene våre. Du får ansvar for drift, fag, økonomi og personal, og blir ein sentral del av leiargruppa i helse- og omsorgssektoren. Her er det kort veg frå idé til handling -- og du ser resultatet av arbeidet ditt kvar einaste dag.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og vidareutvikle pleie- og omsorgstenestene i tråd med lovverk, politiske vedtak og økonomiske rammer.
  • Ansvar for dagleg drift, fag, kvalitet, økonomi og personale
  • Sikre heilskaplege, trygge og koordinerte pasientforløp.
  • Arbeide systematisk med kvalitetsforbetring, HMS og pasienttryggleik
  • Personalansvar for alle tilsette i eininga.
  • Leie og støtte medarbeidarane og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Planleggje og følgje opp arbeidstid, årsturnus, bemanningsplanar og ferieavvikling
  • Vidareutvikle rutinar, arbeidsprosessar og organisering av tenestene
  • Vere ein pådrivar for digitalisering og velferdsteknologi
  • Arbeide strategisk med kompetanseutvikling, rekruttering og framtidig tenesteutvikling
  • Jobbe strategisk med kompetanse, rekruttering og utvikling
  • Samarbeide tett med brukarar, pårørande, tillitsvalde og andre samarbeidspartnarar

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Minimum 3-årig utdanning på høgskule/universitetsnivå
  • Leiarutdanning og/eller relevant erfaring
  • Kunnskap og erfaring frå tenesteområdet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Det vil vera ein fordel om du har:

  • Erfaring med personal- og økonomiansvar
  • Erfaring med utviklings- og endringarbeid
  • Gode IT kompetanse og interesse for teknologiutvikling

Me ser etter ein leiar som :

  • Er tydeleg, trygg og tilgjengeleg
  • Er fleksibel, strukturert og har evne til å prioritere og ta avgjerdsler
  • Kan leie endringsprosessar på ein inkluderande måte
  • Bidreg med godt humør og engasjement i kvardagen

Du må vere god på å samarbeide og bruke dine kreative evner og gode humør til å spele kollegaene dine gode

Personlege eigenskapar vil verta vektlagd

Me tilbyr:

  • Ei spanande og meiningsfull leiarstilling med stor påverknadskraft
  • Eit godt fagmiljø med kompetente og engasjerte medarbeidarar
  • Eit aktivt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Tilsetjingsvilkår:

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Velkomen som søkjar!

Anna info

Arbeidsspråk er nynorsk.

Søk på jobben
Søk senest 31.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Helsefagarbeider 90% stilling
Helse- og sosialetaten, Lurøy kommune

Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.

FastDeltidHelse og sosial
Frist 10.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.

EngasjementHeltidHelse og sosial