Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Rådgjevar (jurist) - helse og omsorg

Statsforvaltaren I Vestland · Sogndal, Vestland

VikariatHeltidOffentligReiseliv og mat

Annonsetekst

Har du lyst til å jobbe i eit sterkt fagmiljø med viktige samfunnsoppgåver? Om stillinga Statsforvaltaren i Vestland er på jakt etter ein engasjert og dyktig jurist til ei fast stilling som rådgjevar. Stillinga ligg til avdeling for helse, sosial og barnevern, med kontorstad på Leikanger. Vi jobbar på oppdrag frå Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet, og har ansvar for viktige rettstryggleiksoppgåver i helse- og omsorgssektoren. Frå 1. januar 2026 fekk vi ansvar for pasientreiseklager frå heile landet. Når ein innbyggjar reiser til og frå behandling som vert dekt av det offentlege, kan dei ha rett til reisestønad. Pasientane gjennomfører reisene på eigenhand, og sender søknad om reisestønad til Pasientreiser HF i etterkant. Dersom søkjaren ikkje er samd i vedtaket til Pasientreiser HF, kan dei klage til Statsforvaltaren. Vi ser etter deg som har interesse for helse- og omsorgsrett, og som vil jobbe for å sikre kvalitet og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene. Arbeidsoppgåver Som juridisk rådgjevar vil du primært jobbe med behandling av klager etter føresegnene i pasientreiseforskrifta. Du vil både behandle eigne klagesaker, og etter kvart godkjenne sakene til andre saksbehandlarar. Det kan også bli aktuelt å bidra med utviklingsoppgåver. Det kan også bli aktuelt å jobbe med andre oppgåver innanfor ansvarsområdet til avdelinga. Kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap.
  • God munnleg og skriftleg framstillings evne på både nynorsk og bokmål.
  • Gode IKT/digitale ferdigheiter.

Ved vurdering av kvalifiserte søkarar vil vi legge særleg vekt på personlege eigenskapar, og erfaring frå offentleg saksbehandling og saksområda som ligg til stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som

  • kan arbeide effektiv og strukturert
  • er initiativrik
  • har høg arbeidskapasitet
  • likar å arbeide sjølvstendig, og som samtidig har gode samarbeidsevner
  • bidrar til eit godt og hyggeleg arbeidsmiljø

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du:

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk

Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Vi ønskjer mangfald: Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Vilkår: Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt og laste opp relevante vitnemål og attestar. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir . Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar, frå kr 630 000 - 740 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok. Tenestemålet til embetet er nynorsk. Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje. Kontaktpersonar:

  • Jana Midelfart-Hoff, Seksjonsleiar/ ass. fylkeslege Telefon: +4755572005 | E-post: Jana.Midelfart-Hoff@statsforvalteren.no
  • Waldis Werdal Selfors, Seniorrådgjevar Telefon: +4755572120 | E-post: waldis.selfors@statsforvalteren.no
  • Ida Holmås Aalerud, Seniorrådgjevar Telefon: +4755572330 | E-post: ida.aalerud@statsforvalteren.no

Arbeidsstad: Njøsavegen 2 6863 Leikanger (Sogndal Kommune)

Søk på jobben
Hos Statsforvaltaren I Vestland
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/973102915/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/973102915/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "3632aff3-17c2-487d-b135-51896b79f8f0",
      "title": "Rådgjevar (jurist) - helse og omsorg",
      "municipal": "SOGNDAL",
      "application_due": null,
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "973102915" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Tine SA Avd Klepp ut nå?
  • Ansetter Tine SA Avd Klepp flere i Sogndal nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

BAKER
Valaker Bakeri Og Konditori As Avd Braud Molde · MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
FastHeltidReiseliv og mat
Statsforvaltaren I Vestland
Søk nå
Søk på stillingen →