Vaktmeister i 100% stilling
Modalen Kommune · Modalen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Modalen kommune søkjer ein vaktmeister i 100% fast stilling. Stillinga er variert og omfattar drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg, tilsyn med tekniske anlegg, oppfølging av vatn- og avlaupsanlegg, deltaking i vaktordning (døgnvakt) og kommunal brøyting/vinterdrift. Fagbrev innan relevante fag er ynskjeleg, men relevant praksis kan vege opp for formell utdanning. Erfaring med vatn og avlaup er ein fordel. Førarkort klasse B er eit krav, mens førarkort for maskin/tyngre køyretøy er ynskjeleg. Arbeidsstad er Modalen kommune.
Om arbeidsgiveren
Stillinga er knytt til Modalen kommune vaktmestertenesta, ei underending innan kombinerte tjenester tilknyttet eiendomsdrift, med 17 tilsette. Som ein del av den kommunale drifta tilbyr arbeidsgivaren deltaking i offentleg tenestepensjonsordning og løn etter gjeldande avtaleverk.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 7. oktober 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Modalen kommune søkjer ein allsidig og praktisk orientert vaktmeister i 100% fast stilling. Me ynskjer ein medarbeidar som vil vere med å sikre god drift og vedlikehald av kommunale bygg, anlegg og tekniske tenester.
Stillinga er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald og tilsyn med kommunen sine eigedomar og tekniske anlegg. Det vil vere ein fordel om søkjar har bakgrunn eller erfaring innan vatn og avlaup.
Den som vert tilsett må rekne med å delta i kommunen si vaktordning, døgnvakt, og i kommunal brøyting i vintersesongen.
Det kan også verte aktuelt med opplæring og kurs knytt til arbeidsområdet.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar
- Tilsyn med tekniske anlegg
- Oppfølging av vatn og avlaupsanlegg
- Deltaking i vaktordning
- Deltaking i kommunal brøyting og vinterdrift
- Andre oppgåver innan driftsavdelinga ved behov
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev innan relevante fag er ynskjeleg
- Relevant praksis kan vege opp for formell utdanning
- Det er ein fordel med erfaring eller kompetanse innan vatn og avlaup
- Førarkort klasse B er krav
- Det er ynskjeleg med førarkort for maskin eller tyngre køyretøy, men ikkje eit krav
Våre ynskje om deg
- Arbeider sjølvstendig og strukturert
- Er løysingsorientert og praktisk
- Har gode samarbeidsevne
- Er påliteleleg og fleksibel
Me tilbyr
- Ei variert og viktig stilling i ein liten kommune
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
- Deltaking i offentleg tenestepensjonsordning
Spørsmål om stillinga
Tone Selmer Skuggevik Teknisk sjef Telefon: +4792043233 E-post: tone.selmer.skuggevik@modalen.kommune.no
Vi gjer merksam på at søkjerlista med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Lignende stillinger
Stubberud VVS i Oslo søker en rørlegger med svennebrev i fast heltidsstilling.
Temp Team Lillestrøm søker 2 billakkerere til vikariat på heltid hos en kunde i Follo, Akershus.
Temp Team i Lillestrøm søker 5 bilmekanikere til vikariat på heltid på Romerike, Akershus.