Pleiemedarbeidar 14,1 % helgestilling Heimetenester Rosendal
Kvinnherad Kommune Heimetenester Rosendal · Kvinnherad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Ei fast deltidsstilling som pleiemedarbeidar i Heimetenester Rosendal, med eit omfang på 14,1 %. Stillinga er knytt til helgearbeid kvar 3. helg, med oppstart 01.09.2026 eller etter avtale. Arbeidsoppgåvene omfattar helsefaglege tenester, heilskapleg omsorg og pleie, dokumentasjon, stell og tilsyn hos heimebuande brukarar, samt handtering av tryggleiksalarmar. Eininga driv ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift i Kvinnherad kommune.
Om arbeidsgivaren
Kvinnherad kommune Heimetenester Rosendal er ei undereining av kommunal forvaltning med 73 tilsette, og høyrer til bransjen for sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen. Eininga legg vekt på fagleg utvikling, kompetanseheving og gode pasientforløp, og tilbyr mellom anna pensjonsordning og forsikring gjennom KLP. Tilsette som bur i Kvinnherad kan etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 08.07.2026.
Annonsetekst
Vi har ledig helgestilling i Heimetenester Rosendal.
Stillinga er på 14,1 % med oppstart frå 01.09.26 eller etter avtale.
Vil du jobba i ei eining der fagleg utvikling, kvalitet og godt samarbeid står i sentrum? Heimetenester er ei framtidsretta eining med sterkt fokus på fag, kompetanseheving og gode pasientforløp. Vi har ein gjennomarbeidd årsplan som gir føreseieleg turnus og gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid.
Tenestene våre omfattar både ordinær heimeteneste, bufellesskap og dagsenterdrift. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med brei klinisk erfaring og høve til å utvikla kompetansen din innan fleire fagområde.
Stillingen er i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Hos oss får du:
- Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
- Variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Føreseieleg turnus og god arbeidsplanlegging
- Moglegheit for langvakter for deg som ønskjer det
Velkomen til ei eining der du blir sett, høyrd og fagleg utfordra!
Arbeidsoppgåver:
- Utøva helsefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav.
- Heilskapleg omsorg og pleie.
- Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling.
- Dokumentasjon av tenesta vi yt.
- Stell og tilsyn
- Faste tilsyn hjå heimebuande brukarar
- Medverka ved utrykkingar og handtering av alarmar, inkludert tryggleiksalarmar
Kvalifikasjonar:
- Er trygg og sjølvstendig i faget.
- Har evne til å sjå både detaljar og heilskap i pasientomsorga.
- Bidrar til eit positivt arbeidsmiljø – også når det er travelt.
- Trivst med variasjon og kan handtere uforutsigbare situasjonar.
- Er nysgjerrig på utvikling og ser moglegheiter i ny teknologi.
- God IT kunnskap.
- Ha god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
Ved tilsetting blir det lagt vekt på relevant arbeidserfaring og personlige egenskaper, men nødvendig opplæring vil bli gitt.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her: Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Det er elektronisk søknad:
Eksisterande brukar Er du allereie registrert i systemet, logger du inn med brukarnamn og passord. Om du ikkje huskar påloggingsinformasjonen din, trykker du på Gløymd passord under Logg inn med passord. Ny brukar Om du ikkje er registrert i EasyCruit tidlegare, opprettar du brukar ved å velja Ny brukar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.