Kvinnherad kommune, Heimetenester Halsnøy, søker 1 sjukepleiar i 100 % fast stilling i hjemmetjenesten.
Fast helgestilling - Heimetenesta Sør
Kvinnherad Kommune Heimetenester Halsnøy · Kvinnherad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy søker 3 faste helgestillinger til Heimetenesta Sør, med deltidsomfang og arbeid kvar 3. helg. I tillegg er det behov for ringevikarar som kan stille på kort varsel ved fråvær. Arbeidsstad er Kvinnherad. Søkjarar med helsefagleg utdanning vert prioritert, men opplæring vert gitt til dei utan erfaring.
Om arbeidsgiveren
Heimetenester Halsnøy er ei underavdeling av Kvinnherad kommune og driv med sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen, ei offentleg forvaltningseining. Verksemda har 79 tilsette, og tilsetjing skjer etter kommunale vilkår med pensjonsordning og forsikring gjennom KLP.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 30. september 2026.
Om stillingen
Fast helgestiling
Omtale av stillinga
Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetjenesta på Halsnøy/Husnes har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.
Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg.
Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.
Vi søkjer:
Vi har ledig faste helgestillinger, og i tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja.
Kvalifikasjonar:
- Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
- Påliteleg
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
- God IT kunnskap
Personlege eigenskapar:
- Nysgjerrig og vilje til å læra
- Ikkje redd for å arbeide aleine
- Omsorgsperson
Vi tilbyr:
- Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning.
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Kvinnherad Kommune Heimetenester Halsnøy
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.