Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Helsefagarbeidar - natt

Sveio Kommune · Sveio, Vestland

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 15.10.2026

Om stillingen

Om stillinga

Eining for habilitering, avdeling Stemhaugen bueining, ligg midt i Sveio sentrum. Stemhaugen bueining er ein døgnbemanna bustad for personar med utviklingshemming og samansette behov.

Vi søkjer no etter ein helsefagarbeidar i 65,7 % fast nattstilling frå 01.01.2027.

Hos oss vil du jobbe tett i team med gode kollegaer. Er du utadvend, sosial og fungerer godt i eit lite team, kan dette vere stillinga for deg. Stillinga har sju nattevakter à 10 timar per tre vekers turnus, med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • stillinga er knytt til tenester for personar med varierande grad av hjelpebehov
  • tilsyn og hjelp etter individuelle behov
  • miljøarbeid i tråd med tiltaksplanar
  • bistand og rettleiing i situasjonar brukaren opplever som vanskelege
  • bidra til at behova til brukaren på natt blir følgde opp på ein fagleg forsvarleg måte

Kvalifikasjonar

  • fagbrev som helsefagarbeidar
  • du snakkar, les og skriv norsk godt nok til å samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene sjølvstendig
  • det er krav om godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig og ta trygge avgjerder i enkeltsituasjonar
  • lojal, punktleg og pliktoppfyllande
  • fokus på kvalitet i tenesta
  • fleksibel og løysingsorientert i travle periodar

Vi tilbyr

  • ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakaren
  • interessante faglege utfordringar og høve til fagleg og personleg utvikling
  • løn i samsvar med gjeldande avtalar
  • gode pensjonsordningar gjennom KLP – det blir trekt 2 % av løna til pensjon
Søk på jobben
Søk senest 15.10.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Sveio Kommune

Hjelpemiddelteknikar
Sveio kommune · SVEIO, VESTLAND

Sveio kommune søker hjelpemiddelteknikar i fast 50 % stilling innen ergo- og fysioterapitenesta i Sveio.

FastDeltidBygg og anlegg
Frist 11.10.2026
Støttekontakt
Sveio kommune · SVEIO, VESTLAND

Sveio kommune søkjer støttekontakt på deltid (engasjement) til personar med psykisk utviklingshemming – ingen formelle krav.

EngasjementDeltidUtdanning

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial