Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Grunnskulelærar ved Måndalen skule

Rauma Kommune Måndalen Barne- Og Ungdomsskule · Rauma, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligUtdanningFrist 16.11.2026

Om stillingen

Stillinga Grunnskulelærar i 100 % fast stilling per tiden ved Måndalen skule.

Arbeidsplassen Måndalen skule er ein ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Vi er ein oversiktleg 1.–10.-skule med rundt 100 elevar og 20 tilsette. Hos oss kjenner vi elevane godt, samarbeider på tvers av trinn og har korte vegar frå idé til handling. Skulen ligg tett på naturen, som vi gjerne nyttar som læringsarena. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule – Rauma kommune. Måndalen skule - Rauma kommune

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning hovudsakleg på 1.–7. trinn (avhengig av kompetanse/erfaring).
  • Vi søkjer lærar til 100 % fast stilling, med moglegheit for kontaktlæraransvar.

Krav til kvalifikasjonar:

  • Utdanning som grunnskulelærar 1.-7. evt allmennlærar 1-10.

Vi ønskjer gjerne kompetanse innan desse områda:

  • Spesialpedagogikk
  • Begynneropplæring
  • Musikk
  • Erfaring med ASK og/eller teikn-til-tale vil vere positivt

Til deg som søkjer:

  • Du treng sjølvsagt ikkje å kunne alt! Vi er først og fremst på jakt etter ein dyktig lærar som vil bli ein del av laget vårt.
  • Vi ønskjer oss ein engasjert og fleksibel lærar som ser moglegheiter, trivst med samarbeid og ønskjer å vere med på å skape gode og varierte læringsarenaer for elevar frå 6 til 16 år.
  • Som lærar hos oss må du vere glad i å samarbeide, samtidig som du er trygg og sjølvstendig i lærarrolla.
  • Vi ser etter deg som er løysingsorientert, engasjert og oppteken av å sjå den enkelte eleven og bidra positivt til fellesskapet.
  • Har du lyst til å arbeide på ein skule der du får vere tett på både elevane, kollegaene og utviklinga av skulen? Då håpar vi du søkjer deg til Måndalen skule.

Bur du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta 25 000 av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga her: Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga - regjeringen.no

Søknad Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no. Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.

Tilsetting Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.

Politiattest Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 16.11.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning