Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Avdelingsleiar
Miljøtenestene, Time Kommune · Time, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Time kommune søker ein fast avdelingsleiar i 100 % stilling ved Miljøtenestene. Stillinga inneber dagleg leiing av Holmebakken bufelleskap, samt ei sentral rolle i planlegging og etablering av eit nytt bufelleskap på Kvernaland som opnar i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt tilbod. Arbeidsstad er Kvernaland i Time kommune, Rogaland.
Hovedoppgåvene er fag-, personal- og økonomiansvar, kvalitets- og fagleg utvikling, HMS-arbeid, oppfølging av sjukefråvær, og leiing av etableringa av det nye bufelleskapet. I 2026 vil arbeidet i stor grad vere organisatorisk førebuing.
Kvalifikasjonskrav inkluderer autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar, brei erfaring med målgruppa, og førarkort klasse B (manuell gir).
Om arbeidsgivaren
Holmebakken bufelleskap er ei undereining av Time kommune og driv innanfor helse- og omsorgstjenester i bufellesskap og samlokaliserte omsorgsbustadar. Eininga har 91 tilsette. Miljøtenesta i Time består av 6 avdelingar og gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Positiv atferdsstøtte (PAS) ligg til grunn som verdi- og rammeverk i alle avdelingar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Om stillingen
Miljøtenesta i Time kommune består av 6 avdelingar fordelt på Bryne og Kvernaland
Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar, og omfattar:
Heildøgns omsorgsbustadar og burettslag Barne- og avlastningsbustad Aktivitetssenter Tilrettelagte aktivitetstilbod Timebaserte tenester til heimebuande
Positiv atferdsstøtte (PAS) er godt forankra i tenestene våre og ligg til grunn som verdi- og rammeverk for arbeidet i alle avdelingar. Verksemda arbeider aktivt for at brukarane skal oppleva god livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag, med fokus på sjølvbestemming, meistring og fellesskap. Du vert ein del av eit tverrfagleg miljø og eit leiarteam med fem avdelingsleiarar, og du rapporterer til verksemdsleiar. Om stillinga Du får ansvar for Holmebakken bufelleskap og eit nytt bufelleskap som opnar på Kvernaland i desember 2027. Det nye bufelleskapet er eit kombinert foreldreinitiativ og kommunalt bufellesskap. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og etablering av dette tilbodet. Dette gir deg ei unik moglegheit til å: Vera med å etablere eit nytt bufellesskap frå start Legge gode rammer for fag, struktur og kultur
Arbeidsoppgåver
Dagleg leiing av avdelinga med fag-, personal- og økonomiansvar Sikra ei god og effektiv tenesteproduksjon Arbeide med kvalitet og fagleg utvikling i tråd med lovverk og interne krav Vere tett på i HMS-arbeid og oppfølging av sjukefråvær Sikre oppfølging av mål, krav og politiske vedtak Bidra til god samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar Leie utviklingsarbeid og endringsprosessar Planlegga og etablera nytt bufelleskap på Kverneland
I 2026 vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytte til organisatorisk arbeid, førebuing og tilrettelegging, i lys av at Holmebakken frå 2027 skal slås saman med nytt foreldreinitiativ på Kverneland.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar Brei erfaring med målgruppa Leiarerfaring og/eller vidareutdanning innan leiing er ønskjeleg God økonomisk forståing Erfaring frå turnusarbeid er ein fordel God IKT-kompetanse Krav om norskferdigheter, minimum B2 Du må ha førarkort klasse B (manuell gir) Det er krav om politiattest ved tilsetting.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Har ein trygg, tydeleg og inkluderande leiarstil
- Er strukturert og målretta, med god gjennomføringsevne i ein travel kvardag
- Skaper tillit, gode relasjonar og godt samarbeid med medarbeidarar, brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Er utviklingsorientert og trivst med å byggja struktur, kultur og fagleg retning i nye tenester
- Er løysingsorientert, handlekraftig og trygg i komplekse situasjonar og endringsprosessar
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø prega av openheit, respekt og fagleg engasjement
Vi tilbyr
- Ei spennande og utviklande leiarstilling
- Moglegheit til å vera med å etablera eit nytt bufelleskap
- Eit sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
- Deltaking i eit godt leiarteam med fadderordning i oppstarten
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
- Bedriftskunstforening
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Stig Soland Kristofferse, Verksemdleiar, +47 93633153, stig.soland.kristoffersen@time.kommune.no
Arbeidsstad
Holmebakken 4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5149768408 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.