Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sjukepleiar/vernepleiar
Kviteseid Kommune · Kviteseid, Telemark
AI-sammendrag
Om stillingen
Kviteseid omsorgssenter (KOS) lyser ut 3 faste stillinger for sjukepleiar eller vernepleiar: to på 100 % og én på 70 %, alle i turnus (35,5 t/v) med arbeid kvar tredje helg. Stillingane er ledige frå dato for tilsetjing og er lokalisert i Kviteseid, Telemark. KOS er ein sjukeheim med 32 plassar og ein pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. Arbeidsoppgåvene omfattar helse- og omsorgstenester, administrative sjukepleiarfaglige oppgåver, fagutvikling, rettleiing av kollegaer og studentar, samt tverrfagleg samarbeid. Det krevst norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, god digital kompetanse og gode norskkunnskapar.
Om arbeidsgiveren
Kviteseid kommune er ein offentleg forvaltningseining i Telemark. Sentraladministrasjonen er registrert med 26 tilsette. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr dei årsturnus, ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg, moglegheit for utgiftsdekning ved vidareutdanning og intern/ekstern fagleg undervisning.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. august 2026. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Om stillingen
Har du lyst på ein jobb der du verkeleg kan gjera ein forskjell- kvar einaste dag? Er du sjukepleiaren/vernepleiaren som alltid sett pasientane i fokus, bidreg med din kompetanse, samt evnar å halde hovudet kaldt og hjartet varmt? Då ynskjer me at du søkjer!
Ved Kviteseid omsorgssenter (KOS) er fylgjande stillingar ledig: Sjukepleiar/vernepleiar, 2 x 100% fast stilling frå d.d. Sjukepleiar/vernepleiar, 1 x 70% fast stilling frå d.d
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v med arbeid kvar 3. helg.
KOS er ein sjukeheim med totalt 32 plassar. Hjå oss vil du møte ei pasientgruppe med stor variasjon i sjukdomsbilete og funksjonsnivå. KOS er ein arbeidsplass der kvalitet, omsorg og utvikling gjeng hand i hand. Me jobbar for at våre pasientar skal kjenne på tryggleik, verdigheit og ein best mogleg kvardag. Me leitar etter ein engasjera sjukepleiar/vernepleiar som vil bli ein viktig del av vårt gode lag.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåver
- Utføre helse- og omsorgstenester til brukarar i tråd med gjeldane krav til kvalitet og lovverk
- Administrative oppgåver knytt til det sjukepleiefaglege
- Medverke til fagutvikling og kompetanseheving i eininga
- Rettleiing, undervisning og informasjon til kollegaer, studentar, brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Interesse for faget og utvikling av dette
- God digital kompetanse
- Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Mellommenneskelege arbeidstilhøve
- Du har godt humør, er fagleg engasjera og har eit hjarte for eldreomsorg
- Du er fleksibel, strukturert og løysningsorientert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å jobbe sjølvstendig
- Du kan tilpasse deg ulike situasjonar og arbeidskvardaga
- Du kan prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Vi tilbyr
- Årsturnus
- Ansvarleg sjukepleiar/vernepleiar på topp dag, kveld og helg
- Moglegheit for å søkje om utgiftsdekning ved relevant vidareutdanning
- Fagleg utvikling
- Intern og ekstern undervisning, fokus på øving og ferdighetstrening
- Triveleg arbeidsmiljø med godt samhald og mykje humor
Kontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Leiar Kviteseid omsorgsenter, 92033268
Arbeidsstad
Kviteseidgata 13 3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune Referansenr.: 5121571680 Stillingsprosent: 100, 70% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026
Lignende stillinger
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.
Emploi Medic søker 5 miljøterapeuter på heltid til medleverturnus ved asylsøkertilbud i Finnmark.