Hopp til innhold
Mye nytt i sommer på sokfirma.no.Se hva som er nytt

Udlabu

Voss Herad Udlabu · Voss, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist om 3 dager

AI-sammendrag

Om stillingen

Voss herad Udlabu søkjer ein miljørettleiar i 100 % fast stilling ved Udlabu omsorgsbustader på Voss. Oppstart er 01.10.2026. Stillinga inngår i årsturnus med dag- og ettermiddagsvakter, med moglegheit for nattevakter og langvakter. Arbeid kvar 3. eller 4. helg.

Hovedoppgåvene er å bistå tenestemottakarar i daglege gjeremål, drive målretta miljøarbeid, ha primærkontaktansvar og følgje opp tiltaksplanar, handtere medikament og bidra til trygge og strukturerte rammer. Kvalifikasjonskravet er vernepleiar eller tilsvarande bachelor i helse, sosial, pedagogikk eller idrett/fysisk aktivitet.

Om arbeidsgivaren

Udlabu Omsorgsbustad er ei underining av Voss herad og ligg sentralt på Voss. Eininga tilbyr tilrettelagde omsorgsbustader – 12 av desse er knytt til døgnbemanning – for personar med ulike funksjonsvariasjonar. Med 61 tilsette og om lag 23 årsverk er dette ein middels stor kommunal omsorgseining innanfor bransjen for bubaserte omsorgstjenester for personar med utviklingshemming eller tilsvarande funksjonsnedsetting.

Nytilsette vernepleierar får eit rekrutteringstillegg på kr 16 000. Løn følgjer kommunalt avtaleverk, og det er gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 09.08.2026. Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding.

Om stillingen

Vil du bidra til meistring, ein god heim og ekte arbeidsglede? Då kan dette vera stillinga for deg!

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk.

Hjå oss får du vera med å forma kvardagen til menneske som treng det, i ein god heim, fellesskap og gode opplevingar.

Me søkjer etter:

  • 100 % fast stilling som miljørettleiar frå 01.10.2026
  • Årsturnus med dag og ettermiddags vakter, mogleg nattevakter og langvakter om ynskjeleg. Arbeid kvar 3 eller 4.helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
  • Målretta miljøarbeid
  • Primærkontaktoppgåver og oppfylging av tiltaksplanar
  • Medikamenthandtering
  • Skapa tryggleik og struktur
  • Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver, fritidsaktiviteter og trening
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning (Bachelor i helse/sosial, pedagogikk, idrett/fysisk aktivitet m.m)
  • Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
  • Er kreativ og likar å tenkje nytt
  • Har engasjement for aktivitet, meistring og brukarmedverknad
  • Arbeider sjøvstendig og tek ansvar
  • Er samarbeidsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Er trygg, strukturert og målretta
  • Har vilje til fagleg utvikling og lære nye metodar

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Rekrutteringstillegg for nytilsett vernepleiar kr 16 000,-
  • Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 9.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026