Espresso House i Oslo søker 1 barista som tilkallingsvikar på deltid, midlertidig vikariat uten fast stillingsprosent.
Vil du arbeide med barn og ungdom?
Voss Herad Villa Gjerdebu · Voss, Vestland
Annonsetekst
Vil du gjera ein forskjell for barn og ungdom?
Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter. Kommunalavdeling helse og omsorg i Voss herad søkjer engasjerte medarbeidarar til vår avlastningstilbod for barn og ungdom.
Me har ledig:
- 4 faste helgestillingar på ca. 20%
- 1 vikariat 100 % frå 01.03.26 til 01.12.27 med mogleg forlenging.
Stillingane på helg passar godt for studentar innan vernepleie, sjukepleie, barnevern, sosialt arbeid og andre helse- og sosialfaglege utdanningar, men me oppmodar også andre med relevant erfaring og interesse for målgruppa om å søkja. I vikariatet ynskjer ein fagarbeider med relevant utdanning. Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du bidreg til trygge, aktive og innhaldsrike dagar for barn og ungdom med ulike funksjonsnedsettingar og samansette behov.
Om arbeidsplassen
Villa Gjerdebu tilbyr eit trygt og tilrettelagt bu- og avlastingstilbod for barn og ungdom. Tenesta legg vekt på meistring, trivsel, deltaking og gode opplevingar i kvardagen. Helgestillingane inngår i turnus med arbeid kvar 3. eller 4. helg etter avtale. Vikariatet inngår i turnus med dag-, kveld- og helgevakter.
Arbeidsoppgåver
- Bistå barn og ungdom i daglege gjeremål.
- Leggja til rette for aktivitet, meistring og sjølvstende.
- Byggja trygge relasjonar og skapa gode opplevingar.
- Bidra til eit heilskapleg og fagleg forsvarleg tenestetilbod.
- Samarbeida med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentera i journalsystemet Aidn (opplæring vert gitt).
- Andre oppgåver kan verta lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant helse- og sosialfagleg utdanning er ønskjeleg.
- Studentar innan vernepleie, sjukepleie, barnevernspedagog, sosionom eller andre relevante studium vert oppmoda om å søkja.
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ein fordel.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B er ønskjeleg.
- Erfaring med målretta miljøarbeid eller åtferd som utfordrar er ein fordel.
Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Er ein trygg, omsorgsfull og leiken vaksen.
- Har interesse for arbeid med barn og ungdom.
- Er ansvarsmedviten og samarbeider godt med andre.
- Kan stå roleg i utfordrande situasjonar.
- Bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag.
- God opplæring og fagleg rettleiing.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Erfaring frå eit spennande fagfelt.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Har du ein partnar som òg er på jakt etter jobb? På Hardanger og Voss kallar finn de informasjon om regionen og ledige stillingar.
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Me oppmodar menn til å søkje Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Vil du vera med og skapa trygge rammer, gode opplevingar og utviklingsmoglegheiter for barn og ungdom? Då ser me fram til å høyra frå deg. Velkomen som søkjar i Voss herad!
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Peppes Pizza Skøyen i Oslo søker daglig leder til én heltidsstilling, fast ansettelse, med personal- og driftsansvar for restauranten.
Voss sjukeheim i Voss søker avdelingsvert til korttidsavdelinga, fast deltid (65 %), ingen krav til fagutdanning.
Voss og Fjordane Guideservice søker 20 turguider til sesongjobb på deltid sommeren 2027, med base i Aurland og Voss-regionen.
Outdoor Norway i Voss søker 1 vinterguide (truger og backcountry-ski) som frilanser på deltid.