Hopp til innhold
Næringslivsrapport for august 2026.Les rapporten

Koordinator for Vikarpool barnehage

Osterøy Kommune · Osterøy, Vestland

FastDeltidOffentligKontor og økonomi
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Osterøy Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Osterøy kommune søker koordinator for vikarpoolen i dei fem kommunale barnehagane. Stillinga er fast i 40 % deltid, med 1 stilling ledig, arbeidsstad Osterøy. Koordinatoren blir næraste leiar for 10 fast tilsette vikarar, med ansvar for personaloppfølging, dialog med styrarane om bemanningsbehov, fordeling av oppdrag til vikarpoolen og ringevikarar, samt rekruttering og oppfølging av ringevikarar. Det er fleksibilitet i korleis dei 40 % blir fordelt, og heimekontor er mogleg. Kommunen har 6 månaders prøvetid, og gyldig politiattest krevst ved oppstart.

Om arbeidsgiveren

Stillinga er knytt til Osterøy kommune sine barnehagar, med PPT-kontoret registrert som ei underenhet i offentleg forvaltning. Verksemda driv pedagogisk-psykologisk rådgivningsteneste og har 5 tilsette. Som tilsett i kommunen får ein rett til offentleg tenestepensjon gjennom KLP, som inkluderer uføre- og etterlattepensjon.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 6. september 2026.

Om stillingen

Om stillinga

Dei fem kommunale barnehagane våre har ein vikarpool med 10 fast tilsette i heile stillingar og ein koordinator i 40 % fast stilling. Dette har vore ei svært vellukka ordning. Dyktige vikarar har bidrege til stabil og god drift i barnehagane, og no søkjer vi ein ny koordinator når vår noverande går vidare til andre oppgåver i kommunen.

Som koordinator får du ei sentral rolle i arbeidet med å sikre rett bemanning til rett tid, og du vil ha tett samarbeid med våre dyktige styrarar. Du blir næraste leiar for dei 10 fast tilsette i vikarpoolen, med ansvar for personaloppfølging, og du vil også arbeide aktivt med rekruttering og oppfølging av ringevikarar. Når det er jobb- og utdanningsmesser er det ein flott mulighet til å snakke varmt om Osterøy-barnehagane.

Vi er fleksibel på korleis dei 40% blir fordelt i løpet av ei veke og heimekontor er muleg. Det finn vi ut av saman. Kommunen har 6 månaders prøvetid for nytilsette.

Arbeidsoppgåver

Koordinatoren har ansvar for å:

  • ha løpande dialog med styrarane om bemanningsbehov i barnehagane
  • fordele jobboppdrag til tilsette i vikarpoolen og til ringevikarar
  • følgje opp dei fast tilsette i vikarpoolen som næraste leiar
  • rekruttere og følgje opp ringevikarar
  • bidra til god planlegging, struktur og oversikt i den daglege drifta

Vi tilbyr

  • ei viktig og meiningsfull rolle i barnehagesektoren
  • ein fleksibel arbeidskvardag
  • moglegheit for heimekontor
  • fleksibilitet i korleis 40 % stilling blir fordelt over fleire dagarDet er ønskjeleg at stillinga blir lagt slik at du arbeider kvar fredag, for å kunne kommunisere ut oppdrag for neste veke, men det kan vere rom for tilpassing.

Kvalifikasjonskrav

  • ha erfaring frå barnehagedrift og/eller bemanningsplanlegging
  • kommuniserer tydeleg og godt med ulike menneske
  • er sjølvstendig, men også god til å samarbeide
  • er strukturert, arbeider systematisk og løsningsfokusert
  • har god oversikt, også når det skjer mykje samtidig
  • trivst med å koordinere, planleggje og finne gode løysingar
  • stillinga krev at du legg fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md ved oppstart i stilling, jf barnehagelova §30.

Kven er du?

Du må like å arbeide sjølvstendig, å diskutere ulike løysingar og kunne ta beslutningar. Du vert motivert av å få folk på rett plass til rett tid og bidra til god drift i barnehagane.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!

Flere stillinger hos Osterøy Kommune

Ringevikar som reinhaldar
Osterøy kommune · OSTERØY, VESTLAND

Osterøy kommune søker 4 ringevikarar som reinhaldar på deltid, vikariat ved sjukefråvær og feriar.

VikariatDeltid4 stillingerSalg og service
Frist 9.12.2026

Lignende stillinger