Me Group AS søker 1 møtebooker (B2B) på heltid, fast ansettelse, innen bedriftsrådgivning og rekruttering i Agder.
Vil du vere med og utvikle Suldal kommune?
Suldal Kommune Organisasjon Og Innbyggarkontakt · Suldal, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Suldal kommune søkjer ein rådgjevar i 100 % fast stilling til eininga organisasjon og innbyggarkontakt. Stillinga er variert og kombinerer utviklingsarbeid med konkrete driftsoppgåver. Aktuelle arbeidsoppgåver inkluderer prosjektleiing og digitalisering, støtte til kommunikasjon og informasjonsdeling, saksframlegg til politisk handsaming, arkiv og postføring samt handsaming av skjenkjeløyve og kulturmidlar. Det er 1 ledig stilling, med arbeidsstad i Suldal, Rogaland.
Om arbeidsgivaren
Suldal kommune er ein offentleg forvaltningseining med 44 tilsette i fellestenestene. Eininga organisasjon og innbyggarkontakt består av 12 tilsette og dekkjer eit breitt spekter av merkantile og administrative støttefunksjonar – frå HR og arkiv til politisk sekreteriat og utviklingsarbeid.
Søknad og frist
Søknadsfrist er måndag 22. juni 2026.
Annonsetekst
Suldal kommune søkjer ein rådgjevar i 100 % fast stilling til eininga organisasjon og innbyggarkontakt. Eininga består av 12 tilsette som jobbar med merkantile oppgåver og støtte innan helse og oppvekst, arkiv, politisk sekreteriat, HR, kommunikasjon og utviklingsarbeid. Me ønskjer oss ein kollega som er nysgjerrig, engasjert og har lyst til å vere med å forme korleis kommunen jobbar – både i dag og i framtida.Hjå oss får du ein variert kvardag med oppgåver som spenner frå utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av einingar, til meir konkrete driftsoppgåver. Me ser etter deg som likar å lære nye ting, som trivst med variasjon, og som ønskjer å bidra til gode tenester for innbyggarane våre. Du må vera glad i digitalisering og ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg. Om stillingaSom rådgjevar blir du ein del av eit breitt fagmiljø innan organisasjon og innbyggarkontakt. Du vil samarbeide tett med andre rådgjevarar, og ha kontakt med ulike einingar i kommunen. Som rådgjevar er det forventa at du skal kunne rådgjev andre og kunne jobbe godt sjølvstendig. Du skal ha eit ekstra blikk på utviklingsarbeid.Arbeidskvardagen vil vere variert, og kan innehalde:
- Deltaking og leiing av ulike prosjekt og utviklingsarbeid, med blant anna digitalisering
- Samarbeid i ulike team, til dømes rekrutteringsteam
- Bidrag til utvikling av organisasjonen og tenestene våre
- Støtte organisasjonen i arbeidet med ekstern og intern kommunikasjon og informasjonsdeling
- Kunne skrive saksframlegg til politisk handsaming
I tillegg vil du ha nokre meir faste driftsoppgåver, til dømes:
- Arkiv og postføring
- Handsaming av skjenkjeløyve og kulturmidlar
Arbeidsoppgåvene vil kunne endre seg over tid – hjå oss er det viktig at me jobbar saman for å finne gode løysingar der behovet er størst. Kven er du?Du treng ikkje kunne alt frå før – men me trur du vil trivast hjå oss dersom du:
- Er nysgjerrig og open for å lære nye ting
- Har interesse for digitale verktøy og utvikling av arbeidsmåtar
- Likar å setje deg inn i nye oppgåver
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe saman med andre, samstundes som du også er sjølvgåande
Det er fint om du har erfaring frå noko av arbeidet me gjer, til dømes:
- Prosjektarbeid eller prosjektleiing
- Offentleg forvaltning
- Kommunikasjon
- Digitalisering
Du må ha relevant høgare utdanning. Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend i Noreg.Du må ha bestått norskprøve på nivå B2, både skriftleg og munnleg. Me ønskjer deg som er motivert for denne stillinga, og personleg eignaheit blir vektlagt. Kvifor jobbe hos oss?Hos oss får du:
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Moglegheit til å påverke korleis kommunen utviklar seg
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Gode samarbeid på tvers av fag og einingar
- Moglegheit til å utvikle deg både fagleg og personleg
Vil du vite meir om oss? Høyr gjerne på episode 1 av podcasten Kraftlaget, der du møter einingsleiar Bente Tednes Gjil og får eit innblikk i kvardagen vår. Har du spørsmål, ta kontakt med Bente på 41 49 32 30 og les meir omKRAFTLAGET i Suldal - her får du meir enn ein jobb! - Suldal kommune heimeside Slik søkjer du:Søknadsfristen er måndag 22.juniSend søknaden elektronisk via kommunen si nettside.Me gler oss til å høyre frå deg – velkommen som søkjar! Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere på heltid til arbeid i Hellas, med flyttepakke.
Jobs By Nordics AB søker 5 norskspråklige kundekonsulenter til veihjelp på heltid i Torrevieja, Spania. Frist 16. desember.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til veihjelp i Fuengirola, Spania.
NG Nordic søker en forretningsassistent for CEO i Oslo, fast heltidsstilling i et nordisk miljø- og gjenvinningskonsern med 3 400 ansatte.
Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.