Konstali Helsenor søker 2 audiografer på heltid til vikariat i Finnmark.
Lærarstillingar
Garnes Skule, Bergen Kommune · Bergen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Garnes skule søker lærarar til to vikariat i heiltid frå 20.10.2026 til 31.07.2027. Éi stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn, den andre er 40 % lærar på 4. og 5. trinn. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, klasseleiing, kontaktlæraransvar og samarbeid med foreldre, kollegaer og andre instansar. Krav er lærarutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn samt 30 studiepoeng i norsk og matematikk. Arbeidsstad er Garnes skule i Arna bydel, Bergen kommune.
Om arbeidsgiveren
Garnes skule er ein kommunal barneskule under Bergen kommune, med 300 elevar og 40 tilsette skuleåret 2026/27. Skulen er ein nynorskskule der over 90 % av elevane har bokmål som hovudmål, og har base-organisert struktur med fleksible areal. Dei neste to skuleåra samarbeider skulen med Universitetet i Bergen om eit prosjekt for inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 06.09.2026.
Om stillingen
På Garnes skule er det så høg trivsel at to av lærarane våre skal ut i foreldrepermisjon! Vi treng derfor nye kollegaer frå oktober og ut skuleåret. Ei stilling er 100 % kontaktlærar på 4. trinn. Den andre stillinga er 40 % lærar på 4. og 5. trinn.
Garnes skule er ein barneskule i Arna bydel. Skulen har fleksible areal med 300 elevar skuleåret 2026/27. Det er 40 tilsette på skulen. Garnes skule ligg naturskjønt til ved foten av fjellet Arnanipa, og berre ein kort gåtur frå strand og fjord. Du finn oss 15 minutt med tog og buss frå Bergen sentrum, eller 20 minutt med bil frå Nesttun eller Åsane.
På Garnes skule jobbar vi for å utvikle profesjonelle læringsfellesskap som samarbeider for at elevane skal oppleve trivsel og læring. Dei tilsette opplever eit raust og fleksibelt arbeidsmiljø der vi arbeider målretta med psykologisk tryggleik. Hovudsatsinga til skulen er inkluderande opplæring. Vi har arbeidd med fellesskapande opplæring for elevar med stort læringspotensial og trua på at alle elevar gjer så godt dei kan og korleis vi vaksne kan hjelpe dei for å ha det godt med seg sjølv og andre. Dei neste to skuleåra skal vi samarbeide med Universitetet i Bergen i eit partnarskap for å fremje inkludering gjennom digitalisering og kunstig intelligens.
Garnes skule har eit godt skulemiljø med imøtekomande og positive elevar. Elevane melder om høg trivsel. Dei flotte elevane våre har kjekke foreldre, så skulen og heimane samarbeider godt om skulemiljø og læring. Garnes skule er ein nynorskskule, der over 90% av elevane har bokmål som sitt hovudmål.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning på 4. og 5. trinn, kontaktlæraransvar på 4. trinn i 100 % stillinga
- Trygg, varm og tydeleg klasseleiing
- Førebu, gjennomføre og evaluere inkluderande undervisning som byggjer fagleg og sosial kompetanse
- Sørgje for eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevane på skulen
- Samarbeide med foreldre, kollegaar og andre instansar.
- Delta aktivt i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen og bidra til eit godt profesjonsfellesskap
Kvalifikasjonar
- Lærarutdanning som kvalifiserer til undervisning på 1.-7. trinn
- 30 sp. i norsk og matematikk
- Kompetanse i å byggje og utvikle gode klassemiljø er ein fordel
- Erfaring med klasseleiing og kontaktlæraransvar er ein fordel
- Ønskjeleg med erfaring frå undervisning i fleksible areal
Personlege eigenskaper
- Du har eit sterkt pedagogisk engasjement og interesse, der elevane si tilhøyrsle sosialt og i læring står i fokus
- Du er ein tydeleg og varm vaksen
- Du trur på at elevane gjer så godt dei kan
- Du har kompetanse på å skape gode relasjonar til elevar, kollegaar og foreldre
- Du finn motivasjon i eiga læring og utvikling
- Du reflekterer over eigen praksis og vala du tek, og kan diskutere dei med andre
- Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Du er motivert for å jobbe i team på ein baseorganisert skule
Vi tilbyr
- Bergen kommune - ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar med tydeleg retning for bergensskulen
- Eit godt arbeidsmiljø med fleksible kollegaer, kjekke elevar og positive føresette
- Eit godt fagmiljø med gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Gode avtalar om t.d. bustadlån i Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Synnøve Hjertaker, Rektor
Arbeidssted
Øvre Seimsmark 52 5264 Garnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bergen kommune Referansenr.: 5165068109 Stillingsprosent: 100, 40% Vikariat Startdato: 20.10.2026 Sluttdato: 31.07.2027 Søknadsfrist: 06.09.2026
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid for oppdrag i Vestland.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til vikariat på heltid i Troms.
Konstali Helsenor søker 2 helsefagarbeidere til heltids vikariat i Agder.
WorkNorway Group søker 2 intensivsykepleiere til vikariat i Troms, oppstart 31.08.
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.