Skei omsorgssenter i Sunnfjord kommune søker sjukepleiar og helsefagarbeidar i faste heltidsstillinger, samt helgestillinger.
Skei omsorgssenter søker etter
Sunnfjord Kommune Skei Omsorgssenter · Sunnfjord, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Skei omsorgssenter lyser ut 3 faste heltidsstillingar: 2 sjukepleiarar og 1 helsefagarbeidar. I tillegg er det eit vikariat for sjukepleiar (100 %, 15.08.2026–01.09.2027). Arbeidsstad er Sunnfjord kommune i Vestland. Det er årsturnus, med moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4. helg. Norsk autorisasjon og gyldig politiattest er krav.
Om arbeidsgiveren
Skei omsorgssenter er ein underleigd eining i Sunnfjord kommune med 77 tilsette, og inngår i kommunal helse- og omsorgsteneste. Senteret har tre avdelingar: rehabilitering, langtid og skjerma eining for personar med demens – til saman 33 plassar. Verksemda er ein del av ressurssjukepleiarnettverk for kreftomsorg og driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 20. juli 2026.
Om stillingen
Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.
- Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
- Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
- Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens
Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.
No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare.
Vi har årsturnus, og for dei som ønsker det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
Vi har ledig:
- 2 x 100 % fast stilling – sjukepleiar
- 1 x 100 % fast stilling – helsefagarbeidar
- 1 x 100% vikariat – sjukepleiar 15.08.26 – 01.09.27
I tillegg har vi helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velge mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter.
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- gyldig politiattest
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Vi søker deg som:
- er fleksibel, positiv og likar utfordringar
- er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar
- fungerer godt i team og har evne til å delegere
- trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
- er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling
- skapar trivsel rundt deg og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- er nytenkjande, kreativ og open for utvikling
Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø
- eit sterkt fagmiljø tett på pasientane
- varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon
- moglegheit for alternativ turnus med langvakter
- Kommunen gjev 35 000 over grunnløn for sjukepleiarar
Velkommen som søkar!
Du søker elektronisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Sunnfjord Kommune Skei Omsorgssenter
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.