Svelgen Omsorgssenter i Bremanger søker sykepleier til ett års vikariat på heltid fra august 2026.
Assistent
Svelgen Omsorgssenter, Bremanger Kommune · Bremanger, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Svelgen omsorgssenter lyser ut 2 faste deltidsstillingar som assistent, med ei stillingsprosent på 25 %. Arbeidet er fortrinnsvis lagt til annan kvar helg, og oppstart er 1. august 2026. Arbeidsstad er i Svelgen, Bremanger kommune i Vestland.
Arbeidsoppgåvene omfattar pleie og omsorg for ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov, dokumentasjon, rettleiing og samarbeid på tvers av avdelingar. Det er òg moglegheit for å delta i ressursgrupper innan rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Om arbeidsgiveren
Svelgen omsorgssenter er ei undereining av Bremanger kommune og opererer innanfor bransjen sykehjemstjenester. Senteret har 65 tilsette og stod ferdig i 2016. Det moderne anlegget har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov.
Bremanger kommune tilbyr fleire rekrutteringsordningar, mellom anna eit rekrutteringstilskot på kr 30 000 per år i inntil fem år for nytilsette som folkeregistrerer seg i kommunen, og eit bustadtilskot på kr 200 000 til førstegangsetablerarar under 50 år.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 17. juni 2026.
Om stillingen
Ved Svelgen omsorgssenter er det ledige helgastillingar, og vi søkjer deg som har interesse for pleie- og omsorgsfaget. Stillingane inneber fortrinnsvis arbeid annan kvar helg. Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne, lyst og tilrettelagt omsorgssenter. Her bur pasientane i trivelege omgjevnader, og medarbeidarane har ein arbeidsplass som legg til rette for både kvalitet og trivsel.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og lærerik, og du får jobbe saman med erfarne og dyktige kollegaer. Senteret har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer erfaring, utvikling og eit meningsfylt helgearbeid.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna:
- Arbeide med ei brei pasientgruppe med ulike medisinske behov
- Gi heilskapleg omsorg og ivareta individuelle behov
- Mogelegheit til å delta i ressursgrupper innan t.d. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft
- Bidra til dokumentasjon, rettleiing og undervisning
- Samarbeide tett med kollegaer på tvers av avdelingar
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi søkjer deg som:
- har erfaring frå pleie og omsorg
- gjerne er ferdig utdanna, eller under utdanning innan helse- og sosialfag
Vi ønskjer oss ein motivert, fagleg engasjert og sjølvstendig medarbeidar som trivst med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for pasientane våre. Pasientane har ulike medisinske behov, og du må difor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. Personleg eignaheit blir vektlagt.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Rekrutteringstilskot til helsefagarbeidar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Arbeidsstad
Granden 1 6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5140004859 Stillingsprosent: 25% Fast Startdato: 01.08.2026 Søknadsfrist: 17.06.2026
Flere stillinger hos Svelgen Omsorgssenter, Bremanger Kommune
Svelgen omsorgssenter i Bremanger søker helsefagarbeidar i fast 100 % stilling med varierte oppgåver på moderne sjukeheim.
Lignende stillinger
Apotek 1 søker fast farmasøyt på heltid i Agder – åpent for søkere fra utlandet med apotek-autorisasjon.
Omsorgsgruppen i Østfold søker 3 miljøterapeuter/fagarbeidere til skoleteam – fast heltid med fokus på elever med sammensatte behov.
Emploi Helse AS søker barnevernspedagog eller sosionom til 3-måneders heltidsoppdrag i barneverntjeneste på Helgeland.
Dignus Medical søker fastlegevikar til 3–6 måneders heltidsstilling i Indre Telemark, med oppstart juni 2026.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker 2 faste heltidstannleger til distriktstannklinikken i Surnadal, éin med klinikkleiaransvar.
WRK Medic søker 10 leger til vikariater i Trøndelag innen kommunehelsetjeneste, allmennpraksis og legevakt.