Hopp til innhold
Nytt: sokfirma i Claude og ChatGPT – salgslister, soliditet, konsern og mer.Les mer →

Kommersiell leiar - Enivest AS

Visere · Sunnfjord, Vestland

FastHeltidPrivatSalg og service
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Visere.

AI-sammendrag

Om stillingen

Enivest søkjer ein kommersiell leiar i fast stilling på heltid, med arbeidsstad i Sunnfjord, Vestland. Rolla har det samla ansvaret for sal, marknad og kommersiell utvikling, med personalansvar og overordna budsjett- og resultatansvar for det kommersielle området. Leiaren skal utvikle og realisere selskapets kommersielle strategi, leie eit erfarent fagmiljø og rapporterer direkte til administrerande direktør som del av leiargruppa.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er utlyst gjennom Visere, ei underining innan rekruttering og formidling av arbeidskraft med forretningskommune i Bergen, på vegner av Enivest. Enivest skildrast som ein etablert aktør på Vestlandet med sterk lokal marknadsforståing, og selskapet går no inn i ei ny fase med eit breiare tenestetilbod og nye fagmiljø.

Søknad og frist

Søknadsfrist er ikkje oppgitt i annonsen. Søknadar vert behandla fortløpande.

Om stillingen

Kommersiell leiar

Enivest søkjer ein kommersiell leiar som vil setje retning, utvikle menneske og skape resultat. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle selskapet sin kommersielle posisjon i ein marknad i endring.

Du får det samla ansvaret for sal, marknad og kommersiell utvikling. Du skal leie eit kompetent fagmiljø, styrkje samspelet på tvers av organisasjonen og omsetje strategi og marknadsinnsikt til tydelege prioriteringar.

Kommersiell leiar rapporterer til administrerande direktør og inngår i leiargruppa.

Eit breitt kommersielt ansvar

Oppdraget er å utvikle og realisere den kommersielle strategien til Enivest. Du skal sjå marknad, kundebehov, sal og produkt i samanheng, identifisere moglegheiter og omsetje innsikt og strategiske val til tydelege mål og handling.

Rolla omfattar personalansvar og overordna budsjett- og resultatansvar for det kommersielle området. Du skal leie erfarne og sjølvstendige medarbeidarar, leggje til rette for gode avgjerder og følgje opp utvikling og leveransar. Du skal òg vere ein pådrivar for kommersiell utvikling og bidra i viktige prioriteringar på tvers av organisasjonen.

Kven ser vi etter?

Kanskje har du bakgrunn frå ei leiande rolle innan sal eller marknad. Eller kanskje kjem du frå ei anna leiarrolle med kommersielt ansvar. Vi legg større vekt på motivasjonen din for oppdraget og kva du kan tilføre Enivest enn på den nøyaktige tittelen du har hatt.

Du har erfaring med å utvikle både organisasjon og medarbeidarar. Du veit korleis strategi blir omsett til mål og aktivitet, og bruker data, kundeinnsikt og marknadsforståing til å prioritere og ta avgjerder. Erfaring frå større endringsprosessar eller integrasjonsarbeid vil vere viktig i rolla.

For å lukkast må du vere tydeleg på retning og forventningar, samtidig som du gir erfarne medarbeidarar rom til å ta ansvar. Du må kunne stå støtt når du møter motstand, og halde både retning og framdrift gjennom endringar som tek tid.

Du treng ikkje ha bakgrunn frå telekom, men må vere nysgjerrig på teknologi og kunne setje deg raskt inn i verksemda og marknaden vi opererer i. Du har relevant høgare utdanning.

Kvifor Enivest?

Enivest kombinerer lokal marknadsforståing og nærleik til kundane med eit sterkt fagmiljø og ein etablert posisjon på Vestlandet. Her er vegane korte frå idé til avgjerd, og du får høve til å påverke både retning og gjennomføring.

Selskapet går inn i ein ny fase. Eit breiare tenestetilbod og nye fagmiljø gir fleire moglegheiter å spele på, samtidig som Enivest skal byggje vidare på den lokale krafta. Som kommersiell leiar får du ei sentral rolle i å omsetje dette til verdi for kundane og selskapet.

Enivest er ein engasjert samfunnsaktør og bidreg til lokal vekst og verdiskaping. Du får eit breitt mandat, høve til å påverke og eit leiaroppdrag der resultata av arbeidet ditt blir synlege.

Lyst til å ta ein prat om stillinga?

Ta kontakt: Daniel Klakegg Dvergsdal – 904 79 470 / daniel@visere.no Jorunn Skrede Klakegg – 982 40 361 / jorunn@visere.no

Vi ser fram til å motta din søknad og CV.

Alle søknadar vert behandla fortløpande.

Flere stillinger hos Visere

CFO - Argus Remote Systems
Visere · BERGEN, VESTLAND

Visere rekrutterer CFO på fast heltid til undervannsteknologiselskapet Argus Remote Systems i Bergen, med ansvar for økonomi og supply ch…

FastHeltidKontor og økonomi
Frist 15.11.2026
API og MCPGET /company/925262358/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/925262358/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "040ca6d0-7300-43a6-a271-62a50e793c3e",
      "title": "DevOps / Platform Operations Engineer - Bergen Sentrum",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": null,
      …
    },
    {
      "uuid": "6c128d01-af95-4029-8be1-fc9966cc2b18",
      "title": "CFO - Argus Remote Systems",
      "municipal": "BERGEN",
      "application_due": "2026-11-15 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "925262358" })

Spør AI-assistenten

  • Hvilke andre stillinger lyser Visere AS ut nå?
  • Ansetter Visere AS flere i Sunnfjord nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Visere AS i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Din første salgsjobb?
Zenzone As · AKERSHUS

Zenzone AS søker 3 selgere uten krav til erfaring, fast heltid i Akershus. Bransje: rekruttering og formidling av arbeidskraft.

FastHeltid3 stillingerSalg og service
Frist 17.11.2026
Selger med distriktsansvar.
Lofoten Supply Team AS · FINNMARK

Lofoten Supply Team AS søker 1 selger med distriktsansvar i Finnmark, fast og heltid, innen førstehjelpsutstyr.

FastHeltidSalg og service
Frist 11.11.2026