Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Sjukepleiar 100 % + 50 % stilling ved Ørskog omsorgssenter

Skodje Og Ørskog Omsorgsdistrikt, Ålesund Kommune · Ålesund, Møre Og Romsdal

FastHeltid2 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Skodje Og Ørskog Omsorgsdistrikt, Ålesund Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Ørskog omsorgssenter lyser ut to sjukepleiarstillingar: én 100 % fast stilling på dag/aften og én 50 % fast stilling på natt, begge med arbeid kvar tredje helg. Nattestillinga kombinerer arbeid inne på institusjonen med nattpatrulje ute. Arbeidsstedet er Ørskog i Ålesund kommune, Møre og Romsdal.

Hovedoppgåvene inkluderer å sikre forsvarleg helsehjelp, observasjon og dokumentasjon i Helseplattformen, legemiddelhandtering, rettleiing av pasientar og pårørande samt tverrfagleg samarbeid. Senteret er godkjent klinisk utdanningsenhet (KLU) i samarbeid med NTNU, noko som gir erfarne sjukepleiarar ei aktiv rettleiingsrolle overfor studentar.

Om arbeidsgivaren

Ørskog omsorgssenter er ein underenhet av Ålesund kommune, organisert under Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, og driv innanfor bransjen sykehjemstjenester. Institusjonen har 45 tilsette og 17 sjukeheimsplassar fordelt på ei demenssavdeling og ei avdeling for langtids-, korttids- og avlastningsplassar. Som ein mindre institusjon legg dei vekt på godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling, mellom anna gjennom vidareutdanning i praksisveiledning og bruk av Svip-modellen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 2. august 2026.

Annonsetekst

Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar på dag/aften og 50 % stilling på natt, med arbeid kvar 3. helg.

Nattevaktsstilling er delt mellom arbeid inne på institusjon og ute i nattpatruljen. Dette er ei varierande stilling med mange utfordringer.

Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Ørskog omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har to sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen. Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.

Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan ma friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
  • Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
  • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sykepleiar
  • 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm).

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Et støttende og engasjert kollegialt miljø
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift

Kontaktinformasjon

Sissel Nogva Refsnes, Avdelingsleiar, 922 06 402, sissel.nogva.refsnes@alesund.kommune.no Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Sjøholtvegen 82 6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune Referansenr.: 5150571694 Stillingsprosent: 100, 50% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026