Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar
Tveit Skule Og Nissedal Ungdomsskule, Nissedal Kommune · Nissedal, Telemark
AI-sammendrag
Om stillingen
Nissedal kommune søker 2 faste medarbeidarar til Tveit skule, Nissedal ungdomsskule og SFO: ein barne- og ungdomsarbeidar og ein miljøarbeidar. Barne- og ungdomsarbeidaren har 60 % stilling med moglegheit for auke, mens miljøarbeidaren har 100 % stilling. Arbeidsstaden er Treungen i Nissedal kommune, og oppstart er 4. januar 2027.
Både barne- og ungdomsarbeidaren og miljøarbeidaren skal følgje opp elevar som treng bistand i skulekvardagen, praktisk og fagleg, og elevar med spesielle behov og utfordringar. Dei samarbeider tett med lærarar om undervisningsopplegg og med føresette.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men annan fagkompetanse og realkompetanse kan vurderast. Erfaring frå arbeid med barn og unge, og med elevar med spesielle behov, blir vektlagt. For miljøarbeidaren er det krav om god kunnskap og erfaring med ukrainsk og norsk språk. Det blir lagt vekt på relasjonskompetanse, erfaring med gruppeleiing, gode kommunikasjonsferdigheiter og tålmod i krevjande situasjonar. Tariffesta løn- og pensjonsvilkår gjeld, og det krevst politiattest ved tilsetjing.
Om arbeidsgiveren
Tveit skule og Nissedal ungdomsskule er ei undereining i offentleg forvaltning innan ordinær grunnskoleundervisning, med om lag 60 tilsette. Skulen er ein sentralskule for 1.–10. trinn i Treungen og har ifølgje annonsen høg trivsel, lågt sjukefråvær og høve til fagleg utvikling. Det ligg ikkje føre regnskapstal for eininga.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 25. november 2026.
Annonsetekst
Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10.trinn) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7.trinn) i Kyrkjebygda. Skulane i Nissedal er opptekne av å gje elevane trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og allsidig kunnskap, og skal førebu elevane til vidare studie og arbeid. Skulen er difor oppteke av eit tett samarbeid med føresette og andre instansar både offentlege og private. Elevmedverknad og demokrati står sentral i all undervisning.
Som arbeidsplass kjenneteiknast skulane med høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og oppgåver og oppmoding til vidareutdanning.
Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og SFO er det no ledig stilling som barne-og ungdomsarbeidar (60% fast- med moglegheit for auke) og miljøarbeidar (100% fast).
Arbeidsoppgåver
Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidaren vil jobbe både i skulen og ved SFO, og må kunne:
- følgje opp elevar som treng bistand i skulekvardagen, både praktisk og fagleg.
- følge opp elevar med spesielle behov og utfordringar
- samarbeide tett med lærarar om undervisningsopplegg og prosedyrer
- samarbeid tett med føresette
Kvalifikasjonar
Krav til den tilsette: Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ein kan også vurdere andre typer fagkompetanse og realkompetanse.
Erfaring frå arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Erfaring frå arbeid med elevar med spesielle behov
Krav til miljøarbeidar: God kunnskap og erfaring med ukrainsk og norsk språk
Personlege eigenskapar
Vi vil vektlegge:
God relasjonskompetanse og erfaring med gruppeleiing
Gode kommunikasjonsferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
At søkar er personleg skikka for stillinga.
Elevane sitt læringsmiljø avhenger av gode vaksne med kapasitet både på det faglege og det sosiale aspekt. Kapasitet inkluderer i tillegg til utdanning, så vel motivasjon til å gå inn i elevsaker og jobbe etter inkluderande verdiar.
Tålmod og kunnskap til å stå i krevjande situasjonar med elevar som har spesielle behov og utfordringar.
Interesse og kunnskap om bruk av IKT
Vi tilbyr
Tilsettingsvilkår vil fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement for tilsettingar.
Tariffesta løns- og pensjonsvilkår gjeld for alle stillingane.
Eit godt arbeidsmiljø
Anna:
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25
Kontaktinformasjon
Marius Vøllestad, Rektor, +47 35048482
Arbeidsstad
Solås 2 3855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5208664884 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.11.2026
API og MCPGET /company/975289664/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/975289664/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "294b9010-9713-4cf8-96fd-dc29aba34298",
"title": "Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar ",
"municipal": "NISSEDAL",
"application_due": "2026-11-25 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "975289664" })Spør AI-assistenten
Ansetter Tveit Skule / Nissedal Ungdomsskule flere i Nissedal nå?
Hvilke andre stillinger lyser Tveit Skule / Nissedal Ungdomsskule ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Barne- og ungdomsarbeidar og miljøarbeidar » hos Tveit Skule / Nissedal Ungdomsskule?
Lignende stillinger
Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.